Hopp til innhold

Christian jaktar på «blått gull»

Varme i store mengder ligg rett under bakken. – Kan erstatta over 20 prosent av straumproduksjonen, seier ekspert på NTNU.

Christian Rekve Bryn

DOKTORGRAD: Christian Rekve Bryn er hydrogeolog i COWI, og doktorgraden hans skal finna ut kor mykje grunnvarme som kan takast ut frå Bømoen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I skogen på Bømoen rett utanfor Voss sentrum står ei stor boremaskin og bråkar.

Ho lagar endå eit hol ned i bakken, for å finna ut kor mykje grunnvarme det er mogleg å henta ut i området ved den nedlagde militærleiren.

Christian Rekve Bryn er hydrogeolog i COWI, og doktorgraden hans skal finna svar på dette spørsmålet.

– Det er grunnvatnet som er stjerna i dette prosjektet. Vi borer eigentleg etter «blått gull» i desse tider, med den store energimengda som ligg her nede, seier han.

SJÅ VIDEO: Med denne boremaskina kan forskaren få laga djupe brønnar ned i bakken. Om massane er finkorna eller grove, vil avgjera kor godt eigna det er til å henta ut grunnvatn.

Lagra solenergi

Grunnvatn held jamn temperatur heile året. Ved å pumpa vatnet opp og senda det gjennom ei varmepumpe, kan ein henta ut store mender varmt vatn til oppvarming av bustader og næringsbygg. Varmen kan brukast både i golvvarme og radiatorar.

– Det er jo lagra solenergi som er i grunnvatnet. Viss ein ikkje brukar meir enn tilsiget av nytt grunnvatn, så er det ein evig fornybar ressurs, seier geologen.

Forskingsprosjekt på grunnvarme på Bømoen

JAMN TEMPERATUR: Dette er vatn frå ein av brønnane på Bømoen. Grunnvatnet held jamn temperatur heile året. Denne dagen låg det på rundt åtte grader.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Området på Bømoen har store mengder grov grus som breane la igjen for om lag 10 000 år sidan. Det kan vera fleire titals meter ned til fast fjell. Forholda ligg dermed godt til rette for at enorme mengder vatn kan strøyma lett gjennom massane i grunnen.

– Ein brønn kan gje oppvarming til hundre bustader. Her har vi eit område på 2 kvadratkilometer, så det er eit enormt potensial, seier Bryn.

(Kilde: SSB)

– Har hatt for billeg straum

Randi Kalskin Ramstad er førsteamanuensis ved NTNU og rådgjevar i Asplan Viak. Ho seier at potensialet for å utnytta grunnvatn her i landet er svært stort.

– Det er veldig godt eigna for grunnvarme i Noreg. Det kan frigjera 33 terawattimar med straum. Det er over 20 prosent av straumproduksjonen i eit normalår i Noreg, seier Ramstad.

Ho meiner det er mange år med billeg vasskraft som har gjort at denne energiressursen ikkje er blitt utnytta meir.

– Vi har nok hatt litt for billeg straum. Nå byrjar det å bli litt knapt på det også, så då må vi sjå oss om etter alternativ. Men det krev ein systematisk innsats over tid, seier ho.

Ramstad viser til at Sverige har satsa mykje på grunnvarme sidan 70-talet. Svenskane tar ut 17 terawattimar i året frå grunnvarme, medan tilsvarande tal for Noreg er 3 terawattimar.

– Så vi har ein lang veg å gå. Men det er fullt mogleg å få til noko tilsvarande i Noreg, seier Ramstad.

Forskingsprosjekt på grunnvarme

FELLES PROSJEKT: Forskingsprosjektet på Voss er eit spleiselag der fleire har bidratt, blant anna Voss herad.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Skrik etter ny kraft

Forskingsprosjektet på Voss blir støtta av COWI, Forskingsrådet, grunneigaren, det lokale energiselskapet og Voss herad.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb i Voss herad har stor tru på satsinga på grøn energi.

– Vi ser på dette som veldig spennande. Det er snakk om potensielt store ressursar. Eg trur det kan bli noko av dette, seier han.

Ringkjøb er også medlem av Energikommisjonen, som var sett ned av regjeringa i februar. Kommisjonen skal fram til desember sjå på straummarknaden, kartlegga energibehovet og føreslå auka energiproduksjon for at Noreg skal ha rikeleg tilgang på fornybar kraft.

– Vi er jo i ein situasjon der vi skrik etter ny kraft, og erstatta den verdifulle vasskrafta med andre typar energi. Det å få opp slike prosjekt vil vera ein del av løysinga, seier ordføraren.

Olje- og energidepartementet har tidlegare uttalt til NRK at det ikkje er særskilde planar for utbygging av grunnvarme i Noreg. Departementet ser at potensialet er stort, men at det avheng av vurderingar i kvart tilfelle, blant anna av lønsemd.

Bømoen i Voss herad

STORT OMRÅDE: Bømoen er eit stort skogsområde som ligg rett utanfor Voss sentrum. Militærleiren er lagt ned, og det er ikkje avgjort kva området skal brukast til.

Foto: Åge Algerøy / NRK