Hopp til innhold

– Du føler deg levande og får veldig mykje energi

GLOPPEN (NRK): Treng du tips til ein ny utandørsaktivitet på tampen av påska? Kanskje kan eit isbad vere oppkvikkaren du treng.

Isbading i Gloppen

HAR STARTA BADESESONGEN: Den siste tida har det blitt fleire bad på Marion Espelid Slettebakken og Christer Slettebakken.

Foto: Anniken Espelid / PRIVAT

– Eg tippar det er éi grad i vatnet og kanskje to centimeter is, så eg håpar vi kjem gjennom, seier Christer Slettebakken.

Solstrålane har begynt å varme litt ein vårdag ved Veslevatnet i Gloppen. Men enno ligg det eit islag over delar av vatnet.

Det stoggar ikkje han og dottera Marion Espelid Slettebakken frå å ta eit bad. Firda Tidend skreiv om isbadarane først.

– Det er herleg, er tilbakemeldinga når dei første svømmetaka er tekne.

Isbading i Veslevatnet i Gloppen
Foto: Anniken Espelid / PRIVAT

Glad i naturen

Etter at koronarestriksjonane blei innførte, har det vorte mange slike isbad på dei to.

– Vi er veldig glade i naturen og å bruke naturen, og har hatt moglegheit til å vere meir ute. Og så kjenner eg til alle fordelane med isbading og isvatn, seier Christer Slettebakken.

– Eg synest det er veldig herleg, i alle fall etterpå. Det er veldig friskt, seier Marion Espelid Slettebakken.

Isbadarar i Gloppen

GLADE I NATUREN: Christer Slettebakken, Marion Espelid Slettebakken og Anniken Espelid bruker mykje tid ute.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Begynte med isdusj

Dei har mange gode tips til andre som vil teste isbading. Sjølv starta Slettebakken isbadarkarrieren i dusjen.

– Eg har aldri likt kaldt vatn. Eg begynte med varm dusj, så skrudde eg på litt og litt meir kaldt vatn. Så blei det rett på kaldt vatn, fortel han.

Når ein skal ut i det kalde vatnet, kan det vere lett for å begynne å puste fortare, men trikset er ifølgje dei to å halde roa.

– Ein må tenke at ein skal kontrollere pusten, og puste roleg og djupt, seier Christer Slettebakken.

Nokre bør unngå isbad

Også i Florø held ein gjeng ivrige vinterbadarar til. «Gåsehuddamene» har bada kvar veke ei 15 år.

Overlege Dag Jone Fadnes ved Førde Sentralsjukehus har tidlegare fortalt til NRK at det ikkje er påvist om vinterbading har positive eller negative konsekvensar for helsa.

Fadnes meiner vinterbading kan vere ein fin aktivitet for dei fleste, så lenge ein kler godt på seg etterpå og aldri badar åleine.

Men nokre bør halde seg unna, er rådet frå legen.

– Den raske temperaturendringa ein får ved vinterbading kan gje ein stressrespons på kroppen. Dei fleste friske vil tolerere dette bra, men folk med hjarte- og lungesjukdommar vil kanskje kunne lide ein overlast i ein slik situasjon, fortalde Fadnes til NRK i februar.

Må få igjen varmen

Marion Espelid Slettebakken har erfart at det er lurt å få på seg kleda raskt når ein er komne på land igjen.

– Ein må blir varm igjen etterpå, det er lurt å ta på seg mykje klede. Ein må heller ikkje vere for lenge uti, seier ho.

Etter eit bad kjenner ho seg først kald, så blir ho god og varm i kroppen.

– Korleis er kjensla etter eit bad?

– Då føler du deg levande. Du får veldig mykje energi, smiler, Christer Slettebakken