Hopp til innhold

Charlotte Spurkeland (27) skal vere byrådsvikar

Overlege ved Haukeland Jana Midelfart Hoff blei utnemnt som ny skulebyråd i dag. Men like etter fekk ho permisjon frå jobben. Charlotte Spurkeland tek over som vikar fram til nyttår.

Charlotte Spurkeland

BYRÅD FRAM TIL JUL: Charlotte Spurkeland tek over som skulebyråd fram til jul. Over nyttår tek Jana Midelfart Hoff over.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Overlege Jana Midelfart Hoff blei i dag stemt inn som ny byråd for barnehage og skule i Bergen. Men ikkje før ho var inne, skjedde det nye vedtak på byrådets møte.

– Eg har fått permisjon. Det var ein del av dealen. I og med at eg er lege, og foretakstillitsvald for legane på Haukeland, kan eg ikkje slenge frå meg det på dagen, seier Hoff.

Jana Midelfart Hoff

NY BYRÅD: Jana Midelfart Hoff tek over som ny skulebyråd frå 1. januar. Fram til då er ho i permisjon.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Jana Midelfart Hoff har vore leiar i Årstad Høgre i to år. Ho er overlege i nevrologi ved Haukeland sjukehus, og har sete i styret for Helse Bergen. At det er helse som er hennar fagfelt, og ikkje skule, skal gå bra meiner ho.

– Eg må sjølvsagt lese meg opp på fagspesifikke ting ved skulen. Sektoren har ein del heilt spesielle utfordringar, men eg har lang fartstid innan offentleg sektor. I helsesektoren har det òg vore mykje omstillingar og endringar, så det kjenner eg til.

– Eg trur det er mykje god helse i skule. Skapar me ein skule der elevane blir sett og får nok utfordringar, så kan me kanskje spare oss ein del av dei tinga som kjem i helsevesenet etterpå, som går på psykiske utfordringar og fråfall som gjer at elevar blir taparar i samfunnet og sjuke av det.

Charlotte Spurkeland (27) tas imot av forgjenger Harald Victor Hove som byrådsleder for skole og barnehage på rådhuset i Bergen.

SE VIDEO: Her inntar Charlotte Spurkeland (27) byrådsavdelingen for barnehage og skole.

Blir ny byråd i 2 1/2 månad

Fram til Midelfart Hoff tiltrer som ny skulebyråd 1. januar 2015, vil Charlotte Spurkeland fungere som konstituert byråd. Det var ein tydeleg rørt fersk byråd som overtok nøklane til skulebyrådens kontor i dag.

Harald Victor Hove

GJEKK AV: Harald Victor Hove (H) spankulerte i dag ut av rådhuset og ut av bergenspolitikken.

Foto: Sindre Helgheim / NRK
Byrådet i Bergen

DET NYE BYRÅDET: Bergen får ny skulebyråd, men elles blir det resterande byrådet sitjande med same arbeidsoppgåver som tidlegare.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Eg har kjent Harald sidan eg var 16. Han er ein vanvitig flink politikar, og det å ta over jobben hans er vanvitig stort tykkjer eg.

Den nye konstituerte byråden skal halde fram med prosjekta Hove har sett i gong, og skal mellom anna setje i gong ein ny barnehageplan i Bergen.

– Den store utfordringa i Bergen er at me har altfor mange barnehageplassar i nokre bydelar, og altfor få andre plassar. Det gjelder spesielt Bergenhus og Årstad. Me skal sjå på korleis folk kan få barnehageplassar de dei bur eller jobbar.

Spurkeland som også er stortingsvara, er 27 år gammal og frå Sandviken i Bergen. At ho er ung, meiner ho kan vere ein fordel for byrådet.

– Gjer stortingsvara-vervet ditt at du ikkje kunne vere byråd på lang sikt?

– Det veit eg ikkje. Men å vere fyrste vara til ein Stortingsbenk på seks personar, gjer at ein ofte må leggje frå seg det ein driv med å steppe inn på kort tid. Eg har fått spørsmål om å vere byråd fram til jul, og har tatt ja til det.

Må ta tak i skuleforfallet i Bergen

Byråd for barnehage og skule, Harald Victor Hove (H), gjekk som varsla av som byråd i dag, saman med no avgåtte byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen (H).

– Det har sjølvsagt vore ei turbulent tid. Men det er på mange måtar ei styrke at eit parti har to så gode kandidatar. Martin er lyttande, open og entusiastisk, og det tykkjer eg er godt for partiet, seier Hoff.

Fyrst på arbeidslista står mellom anna skuleforfallet i Bergen.

LES MEIR: Status for bergensskolene: Må bruke to milliarder på 22 skoler

– Det er ein svær jobb, men den må gjerast. Me kan ikkje ha nedslitne og forfalne skular når me skal ha det viktigaste av alt i dei, nemleg barna våre, seier Hoff som tek tak i skuleforfallet når ho tiltrer som byråd etter jul.