Hopp til innhold

Sogndal vil heller ha syklar i parkeringskjellaren

Eigarane av Fosshaugane Campus i Sogndal vil ha fleire til å gå eller sykla til jobb. Målet er både miljøgevinst og meir areal til utvikling og mindre til parkering.

Yngve Hallén

HELLER SYKKEL ENN BIL: Yngve Hallén ser helst at det i framtida er fullt med syklar i parkeringskjellaren under Fosshaugane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Om lag 4000 menneske er innom Fosshaugane Campus-området kvar dag. Men om du brukar bilen for å koma dit, må du vera tidleg ute for å finna ledig parkeringsplass.

– Vårt mål er at folk skal gå eller sykla, seier Yngve Hallén, dagleg leiar i Sogndal Fotball AS, som er eigedoms- og utviklingsselskapet på Campus.

Difor satsar eigarane no på å få fleire folk til å gå eller sykla til skule og jobb.

Vil tilby leigebil og billige el-syklar

Yngve Hallén

– BRUK SYKKEL: Det er oppfordringa frå Yngve Hallén.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Om lag halvparten av dei som bur mellom tre og fem kilometer frå Campus, brukar bilen for å koma seg dit. Det syner undersøkingar eigargruppa har gjort. No får dei med arbeidsstad på Campus tilbod om rabatt på el-syklar, garderobetilbod og timeutleige på leigebil i eit forsøk på å få fleire over på to hjul.

– Det eine er at det er riktig profil for Sogndal og Fosshaugane-miljøet å ha det slik. Det andre er at folk skal bruka bilen mindre, fordi den forureinar mykje. Det tredje er at det er mykje godt areal på Fosshaugane, som i dag er parkering, som me kunne brukt til andre ting, seier Hallén.

Dei har også bytta ut alle lampene i Sognahallen med LED-lamper, og brukar no berre ein femtedel av straumen dei brukte før i dei bygningane.

Må til om utviklinga skal gå rett veg

"Innovasjonsbygget" på Fosshaugane Campus

SNART KLART: Påbygget «Innovasjonsbygget» nærmar seg ferdig. Om to veker skal dei første leigetakarane flytta inn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me heilt avhengige av slike tiltak som dette, om me ikkje vil ha store parkeringshus. Om me vil byggja idrettsareal, fine parkar eller flotte bygg med mykje aktivitet i, så må me ha færre parkeringshus.

I 2016 la eigargruppa fram store planar dei kalla «Fosshaugane Campus 2.0». Dei ser det ikkje som utenkjeleg at området kan bli dobbelt så stort i løpet av 30 år. I oktober opnar eit nytt bygg på området, «Innovasjonsbygget», som blir varma opp og kjølt ned ved hjelp av fjernvarmeteknologi frå fjorden.

– Det er store investeringar som må til i enkelte av desse tiltaka. Men på sikt vil me få det att i både styrking av profilen vår, og ikkje minst på utgiftssida, seier Hallén.

Utviding av Fosshaugane Campus

STORE PLANAR: Eigarane har store planar for Fosshaugane. Dette er ei skisse som syner dagens bygg (i grått) og planar og moglegheiter i framtida (oransje).

Foto: Rodeo Arkitekter AS / Sogndal kommune

Onsdag ettermiddag inviterte Hallén alle som har Campus som arbeidsstad, til el-sykkel-sal og informasjon om miljøtiltaka dei vil innføra.

– Er det aktuelt for deg å byta ut bilen med ein elsykkel?

– På sikt kan det vera det, men no er jobbsituasjonen slik at me ønskjer å ha ein ekstra bil for å kunne pendla til jobb, seier Vegard Moe.

– Kva syns du om dei tiltaka dei gjer no?

– Det er strålande!