Hopp til innhold

Camilla har kjempa for dei same kvinnesakene sidan syttitalet

Camilla (77) kjempa for sjølvbestemt abort i 1978. I år kjempar ho for det same.

Camilla Voss les parolane frå 8. mars-toget i 1978 i Førde.

HAR IKKJE MISTA TRUA: Camilla Voss meiner vi framleis må vera optimistar, trass i om ho tykkjer likestillinga går for sakte.

Foto: Kristina Kassab Liland / NRK

Sjølv om Camilla Voss meiner mykje har endra seg til det betre, har kvinnene framleis mykje å kjempe for, og fleire av kampsakene er dei same.

– «Damer fri adgang» stod det på annonsen til Sunnfjord hotell på 70-talet. Det hugsar eg godt, då vart me sinte og fortvilte. Eit kvinnesyn som me tenkte var veldig gamaldags, men som også lever i beste velgåande i dag, seier ho.

I hendene til Camilla Voss ligg kopiar av det einaste sporet etter syttitalet sine kvinnegrupper i Førde som Fylkesarkivet i Vestland husar.

Det er ni plakatar som fåmælt fortel ein viktig bit av både lokal og nasjonal kvinnehistorie.

Voss var med i 8. mars-komiteen i 1978. Då var spørsmålet om sjølvbestemt abort i ein avgjerande fase. Lova om sjølvbestemt abort før veke 12 vart vedteken seinare same år.

Årets parolar 8. marskomiteen sunnfjord
Arkivfoto av 8. mars-plakat frå Førde 1978

Her kan du sjå parolane til 8. marstoga i Førde, i 1978 og i 2022.

Fylkesarkivet i Vestland / 8. marskomiteen i Sunnfjord

– Lovendringa som fylgde var ein stor siger, men kravet om sjølvbestemt abort står framleis støtt.

– Reiv ned pornoblad og laga bladbål

Voss kjende seg ikkje radikal nok til å vera med i Kvinnefronten, men vart likevel sett på som radikal.

Ein av parolane til 8. mars-komiteen i Førde kravde slutt på porno i vekeblad, film og bøker.

– Då fór jo me til Narvesen i Førde, reiv pornoblada ned av hyllene og laga bladbål.

Firda 16. Oktober 1984, "Lov mot porno!"

«LOV MOT PORNO!": 16. Oktober 1984 skriv lokalavisa Firda om Camilla Voss (til venstre) som tok del i ein underskriftskampanje for ei ny lov mot pornografi.

Foto: Firda

– Ikkje overraskande

Mange kvinner som ikkje støtta kampen for sjølvbestemt abort, til dømes kristne kvinner, kunne støtte kampen mot porno.

– Gjekk vi på kiosken såg vi skrevande damer overalt. I dag er kampen mot porno ikkje like samlande som då, og det trur eg kan handla om at mange er redde for å verta oppfatta som at dei er imot sex, fortel seniorrådgivar i Kilden kjønnsforsking, Trine Rogg Korsvik.

Ho legg til at ein dessutan lettare kan unngå porno i dag fordi det fyrst og fremst ligg på nett.

Skjermdump av Firda, nr 19. 68. årgang (1985)

«SKAL BÅLBRENNERE FÅ BESTEMME?": 5. Februar 1985 har Firda eit oppslag om løpesetlar på Narvesenkioskar landet rundt. Der stod det blant anna: «17. januar storma porno-aktivistar i vår butikk i Førde. De skremte vettet av betjeningen, sjtal lesestoff og brente bål utenfor.»

Foto: Firdaarkivet

Men i motsetning til pornokampen delte abortspørsmålet den organiserte feministrørsla og dei kristelege og borgarlege kvinneorganisasjonane i to.

– I dag har derimot sjølvbestemt abort vorte ei samlande sak på tvers av politiske ståstadar. Då Erna Solberg føreslo reservasjonsretten for å få KrF inn i regjering i 2014, vart det rekordstor oppslutning om 8. mars-toga.

Når Korsvik les parolane frå før og nå vert ho ikkje overraska over likskapane.

Å ha kontroll over eigen kropp, bestemma når ein skal ha barn og vera imot seksuell utnytting, har vore viktige kvinnepolitiske saker som kvinnerøyrsla har vore opptekne av lenge.

– Det skal ikkje vera ei ulempe å vera fødd jente

– At dei allereie på syttitalet ville ha vekk nemndene, viser at me ligg eit stykke bakpå i Noreg i dag, fortel Ruth Vik Olsen når ho les dei førtifire år gamle parolane.

Ho er studentkontakt i Fagforbundet og leiar i AUF Sunnfjord.

Ruth Vik Olsen

TRENG ENDÅ KVINNEDAGEN: Ruth Vik Olsen trur kjønnsnøytral pensjon kjem til å verta ei viktig kampsak framover.

Foto: Kristina Kassab Liland / NRK

– Eg saknar dei enkle tiltaka, som momsfrie sanitetsprodukt, kvinner i fulltidsstillingar og likelønn. Me har til dømes igjennom pandemien vist at me er avhengige av kvinnedominerte yrke, og det må visast på lønnsslippen og på pensjonen.

Olsen meiner at pensjonsordninga me har i dag gjer at kvinner kjem ut som taparane.

– Det skal ikkje vera ei ulempe å vera fødd jente.