Hopp til innhold

– Smil! No har de fått to millionar til skuleplassen

FØRDE (NRK): I årevis har born og foreldre kjempa for å få gjort noko med skuleplassen. Då elevane møtte opp på rådhuset klarte politikarane med ordføraren i spissen å trylle fram to millionar kroner.

Ordførar Olve Grotle og born ved rådhuset i Førde

BLINKSKOT: Ordførar Olve Grotle sørga for å sikre seg bilete av demonstrasjonen frå elevane på Førde barneskule.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ny uteplass! Ny uteplass! var bodskapen ungane frå Førde barneskule hadde med til ordføraren torsdag.

Med store plakatar og taktfaste rop repeterte dei bodskapen om at uteområdet ved sentrumsskulen rett og slett er for dårleg.

– Det er veldig kjekt at så mange bryr seg, slo elevane som NRK snakka med fast.

Og det kunne virke som at den store demonstrasjonen gav ekstra giv til det avtroppande bystyret i Førde. Etter litt diskusjon kom to millionar ferske kroner på bordet og i løpet av hausten skal det gjerast noko med det nedslitne uteområdet.

– Vi er nøydde

– I innstillinga frå rådmannen blei det sagt at vi skulle ta saka til orientering. Så gjorde bystyret eit lite knepp til og sette av to millionar som formannskapet kan bruke på uteområde i løpet av hausten, seier ordførar Olve Grotle (H).

– Risikerer de no at det blir populært no å kome og hyte med neven utanfor rådhuset, så får dei pengar?

– Det er eit godt spørsmål og eit spørsmål som låg i bakhovudet på politikarane. Men det bystyret har tenkt er at vi for lenge sidan har sagt at det er vi er nøydde for å gjere noko med uteområdet på barneskulen, slår Olve Grotle fast.

– Neglisjert

Foreldre og FAU-representant Lene Knapstad meiner det er på høg tid at politikarane i den største byen i Sogn og Fjordane gjer noko.

– Elevane og andre støttespelarar mobiliserer for å vise politikarane at vi bryr oss om skulen og uteplassen. Vi føler at vi har blitt neglisjert gjennom mange år og at det no er eit alvorleg etterslep som må takast tak i.