Hopp til innhold

Byrådskrisa: Hatt minimal kontakt

Ifølge ordfører i Bergen, Rune Bakervik, har han sidan torsdag hatt minimal kontakt med partileiarane i bystyret. Partia har fått frist til klokka 11.00 i dag til å melde inn korleis dei skal løyse byrådskrisa som oppsto i Bergen då byrådet gjekk av. – Eg håpar at eit fleirtal vil peike på nokon, som så vil få eit oppdrag frå meg om å danne eit byråd, men det kjem an på kva tilbakemeldingar eg får i dag, kva vi får til, seier han til NRK.