Inge har ulovleg peis: – Forstår ikkje kvifor eg ikkje får fyre

Frå nyttår blei det forbode å fyre i gamle vedomnar i Bergen. Det tvingar Inge Bjørklund og kona Vibeche ut på dyr shopping. Samstundes ber kommunen no kalde bergensarar unngå all vedfyring.

Forbud gamle ovner

MÅ KJØPE NYTT: Ingve Øyjordsbakken ved Varme AS i Bergen viser fram nye omnar til Inge og Vibeche Bjørklund.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Det er klarvêr og minusgradar i Bergen, men ekteparet Inge og Vibeche Bjørklund har ikkje lov til å fyre i peisen heime når dei frys.

– Eg forstår ikkje kvifor. Eg bur oppe på høgaste skrenten i Salhus. Kvifor må eg ha reintbrennande peis, medan eg kan fyre opp eit bål like utanfor huset mitt? seier Inge.

Han og kona er innom Varme AS på Minde i Bergen for å kjøpe peisar til det nye huset dei nett har kjøpt.

For eldstadane er for gamle og er no blitt ulovlege å bruke.

– Det er jo litt rart, då. Men sånn er det, og vi må gjere som vi får beskjed om, seier Vibeche.

Kan ikkje kontrollere eller straffe

For frå 1. januar blei det i Bergen forbode å fyre i såkalla ikkje-reintbrennande eldstadar: Opne peisar, oljefyrte eldstadar og ved- og koksomnar som er installerte før 1998.

Likevel har luftkvaliteten vore på raudt nivå fleire gongar i Bergen sentrum dei siste dagane.

Hovudårsaka er vedfyring i kombinasjon med inversjon i Bergensdalen og kaldt og tørt vêr, ifølgje kommunen. Også utslepp frå køyretøy kan bidra.

Men kommunen har ingen høve til å kontrollere at folk ikkje fyrer i dei gamle omnane, ifølgje miljøbyråd Eline Haakestad (MDG).

– Vi har ingen sanksjonsmoglegheiter, men vil oppmode alle som ikkje må fyre til ikkje å gjere det, og vi gir framleis pengar til folk som ønskjer å byte til ein reintbrennande eldstad, seier byråden.

Ber folk droppe bilen

Kommunen deler framleis ut 5000 kroner i vrakpant til dei som vil byte peis eller omn.

– No er det dessverre kø hjå ein del leverandørar fram til mars, men det er veldig positivt at mange vil byte ut eldstadane sine, seier Haakestad.

Byrådet oppmodar også folk til å droppe bilkøyring og vere på heimekontor om dei kan.

Hjå peisleverandør Varme AS i Bergen har det vore ein travel tid i haust, før jul og no på starten av nyåret.

– Men det er berre kjekt, seier dagleg leiar Asgeir Vikhagen.

Han fortel at partikkelutsleppa er svært ulike på dei gamle og dei nye omnane.

– Det er vesentleg stor skilnad.

Asgeir Vikhagen

TRAVLE TIDER: Asgeir Vikhagen er dagleg leiar i Varme AS i Bergen.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Vibeche Bjørklund skulle gjerne fått installert nye, fine omnar snarast. Men peisane dei har sett seg ut er ikkje tilgjengeleg i butikken no.

Om dei skulle «snikfyre» litt i dei gamle, er det likevel ingen som kan straffe dei.

– Kvifor har de ingen sanksjonsmoglegheiter når de ser at lufta blir helsefarleg, Haakestad?

– Vi må endre forskrifta og finne heimel for eventuelle sanksjonsmoglegheiter. Men vi ønsker heller at folk skal byte eldstad enn å komme med peikefingeren til dei som ikkje har fått gjort det enno, seier miljøbyråden.

Ber skip om å snu

Kommunen har fleire verktøy å ta i bruk dersom lufta ikkje betrar seg nemneverdig framover.

  • Datokøyring.
  • Tiltak på vegane for å redusere spreiing av svevestøvet.
  • Flytte skip frå den indre hamna i Bergen.

Datokøyring har vore vurdert denne veka, men Haakestad seier det er mindre truleg at det vil skje no. Det er uansett opp til beredskapsvakt i kommunen å avgjere.

Byrådet har også snakka med Bergen hamn om å seie nei til nye skip, med mindre dei har ein veldig god grunn til å legge til land.

– Vi ber også så mange skip som mogleg om å reise ut frå Bergen hamn og legge til andre stadar i regionen dei neste dagane, seier byrådsleiar Roger Valhammer (Ap).

Eit meir drastisk tiltak er å heve bompengetakstane og samtidig gi gratis kollektivtilbod.

I så fall må forskrifta bli endra på, og vil derfor ikkje bli teke i bruk denne vinteren, opplyser kommunen på sine nettsider.