I spissen for dei pengesterke stryningane står Åge Bøe, som meiner det er viktig med lokalt eigarskap.
Erstatningskrav var dråpen
Eit erstatningskrav på 1,6 millionar kroner frå ei kvinne som skada seg på sommarskisenteret for over ti år sidan var spikaren i kista for Strynefjellet Sommarski AS. Dei gjekk konkurs tidlegare i vinter, og anlegget har vore annonsert for sal.
Fire bod kom innpå sommarskisenteret, der det høgste var på 7,5 million kroner. To av bodgjevarane trekte seg, men dei lokale interessentane ville ikkje gi seg, og har no det høgste bodet.
Avgjort i dag
Bustyrar Thore Heggen stadfestar dette, og seier den andre bodgjevaren har fått frist på seg til i dag med å avgjere om han vil gå endå høgare. Viss ikkje blir det lokale eigarar i Stryn, og Bøe lovar at dei skal kunne drive det godt.