Hopp til innhold

Byggjer sauefjøs til seks millionar

VIKSDALEN (NRK): Erlend Fossen i Viksdalen byggjer ny fjøs med plass til over 200 vinterfôra sauer. 15 ammekyr vil få ei eiga avdeling i den nye fjøsen. Prislapp: 6 millionar kroner.

Erlend Fossen byggjer ny sauefjøs

BYGGJER NYTT: Erlend Fossen er i full gang med bygginga av den nye fjøsen i Viksdalen i Gaular.

Foto: Bård / NRK

Frå å ha om lag 40 vinterfôra sauer og 13 ammekyr, satsar Erlend Fossen på Følling i Viksdalen no stort.

– Valet stod mellom å leggje ned eller å satse skikkeleg, seier han.

Den nye fjøsen vil ha plass til godt over 200 vinterfôra sauer og 20 ammekyr. Det heile er kostnadsrekna til seks millionar kroner. Av dette får han 1,3 millionar i støtte frå Innovasjon Norge. Det er lagt inn ein eigeninnsats på 700.000 kroner. Fossen, som tidlegare har jobba som snikkar, har difor mykje arbeid framføre seg.

Ny sauefjøs

HER SKAL SAUENE BU: Arbeidsfolk frå firmaet Dvergsdal og Sunde set opp murane til den nye store sauefjøsen.

Foto: Bård Siem / NRK

Omgjort til byggjeplass

Eg veit det blir mykje arbeid og eg blir ikkje rik, men dette er noko eg likar. Det er det viktigaste.

Erlend Fossen

Gardstunet er omgjort til byggjeplass, og to arbeidskarar har kome godt i gang med murane til den nye fjøsen.

– Fjøsen vi hadde var bygd for mjølkeproduksjon og gris, ein produksjon som var lagt ned for lenge sidan. Gamlefjøsen var også veldig nedsliten, fortel Fossen medan sola tittar fram over den naturskjønne vestlandsgarden.

Erlend Fossen

GJER MYKJE SJØLV: Erlend Fossen har lagt inn ein eigeninnsats tilsvarande 700.000 kroner for den nye fjøsen. Han vil med andre ord ikkje bli arbeidslaus i tida som kjem.

Foto: Bård Siem / NRK

Likar å jobbe med dyr

Sjølv om offisielle tal viser at innteninga i sauehaldet er svak, har Fossen likevel valt å satse.

– Kvifor satsar du så stort når inntekta er dårleg?

– Eg har prøvd det vanlege arbeidslivet frå halv åtte til halv fire. Det å skape noko sjølv og drive med dyr er betre. Eg veit det blir mykje arbeid og eg blir ikkje rik, men dette er noko eg likar. Det er det viktigaste, seier han.

– Med 200 lammesauer blir det om lag 400 lam og til samen 600 sauer og lam som skal sendast på beite kvar vår. I tillegg kjem dei 20 ammekyrne. Greier du å handtere så mykje?

– Ja, det trur eg skal gå greitt. Eg er heldigvis glad i å arbeide, smiler Fossen.

Sauefjøs

GODT IGANG: Golvet til gjødsellageret i den nye fjøsen er ferdig støypt.

Foto: Bård Siem / NRK

Mange byggjer stort

Arve Arstein, som er leiar for eit eige saueprosjekt i Norsk landbruksrådgjeving, fortel at det er mange som byggjer nye sauefjøsar i fylket.

– Vi opplever stor interesse. Mange kjem på informasjonsmøte om sauedrift, mange vil utvide drifta og mange vil byggje heilt nytt, seier han.

Det nye er at det blir bygd mykje større sauefjøs enn tidlegare.

Arve Arstein
Arve Arstein

STØRRE BYGG: Arve Arstein i Norsk Landbruksrådgjeving fortel at det i år blir bygd langt større sauefjøs enn tidlegare.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tala Arstein sit på viser at det vil bli bygd minst 15 nye sauefjøsar i fylket innan året er omme.

– 15 nye sauefjøsar eg ikkje oppsiktsvekkjande høgt, men det nye er at det blir bygd mykje større enn før, seier han. Arstein viser til at den største sauefjøsen som det blir byggjestart på i år vil ha plass til godt over 300 vinterfôra sauer.

– Kva er årsaka til at det blir bygd så stort?

– Ulike faktorar som til dømes forenkling av drifta spelar inn. Det løner seg også betre å satse stort enn tidlegare, seier han.