Hopp til innhold

Olav og dei andre i bygda har vore isolerte i fem månader

Sidan i sommar har tre bygder på Osterøy utanfor Bergen vore isolerte. Innbyggarane prøver å halde på optimismen. Men har bygdene ei framtid?

Olav Gammarsvik

RASVAND: Olav Gammarsvik seier at det har vore mange ras på vegen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ein smal sti mellom fjorden og fjellet er alt som er att av vegen. 23. juli gjekk raset som isolerte bygdene Toskedal, Gammersvik og Grøsvik, nord på Osterøy.

Bygdefolket må no gå sikra med tau forbi rasstaden for å kunne kome til butikk og arbeidsstader på fastlandet.

– Me greier nok dette og. Men det er forferdeleg frustrerande, seier Sigmund Simmenes.

Han er vant til å vere veglaus. Toskedalsvegen er særs rasutsett, og har vore stengt mange gonger dei siste åra.

– Dette må vi berre leve med, vi ser jo at det går ras oftare og oftare. Vi er glade for at det ikkje har gått liv. Men alt blir jo meir komplisert når det er slik.

Innbyggarane må no snirkle seg forbi på ein smal sti.

STI: Smal er stien ut til verda for dei som framleis held til her, inst i fjorden.

Foto: ODDGEIR ØYSTESE / NRK

Flytta på hybel

Det bor rundt 20 menneske i dei tre vesle bygdene.

Særleg komplisert er det for dei som må på jobb. Dei fleste har ein bil på kvar side av raset. Så må dei balansere forbi rasstaden.

I mørke morgonar må dei ha hodelykt. Når det regner må dei ha støvlar eller vasstette sko.

Nokre vel å flytte vekk frå heimstaden til vegen er fiksa.

Appia Mkoba, kona til Simmenes, jobbar som sjukepleiar i kommunesenteret Dale. Ho bur no på hybel for å komme seg på jobb kvar dag.

– Alt vert jo meir tungvint. Det må mykje planlegging til. Men eg må berre gjere det eg kan for å halde meg positiv. Det går jo ikkje å vere sur heile tida.

Mkoba har normalt ein køyretur på ein halv time til og frå jobb. No er ho berre heime i Toskedal i helgene.

Appia Mkoba

LEIER HYBEL: Appia Mkoba jobbar som sjukepleiar i kommunesenteret Dale, og har måtta leige seg ein hybel der for å komme seg på jobb kvar dag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Vande med ras

Fire gonger i veka går det skyssbåt frå Gammersvik og inn til Stamnes. Her ventar den slik at bygdefolket kan gå på butikken før dei vert skyssa tilbake.

På båtturen ser ein merker etter fleire ras, både nye og gamle.

Breie spor der jord og stein har dratt med seg alt på sin veg ned i fjorden. Eit er frå juli. Litt lenger inn i fjorden er det merker frå eit ras som gjekk i februar.

Folk i Vaksdal køyrer ofte med vindauget nedrulla, lyttande etter det neste raset.

Og Toskedalsvegen har vist seg å vere den mest utsette i vestlandskommunen rett aust for Bergen.

– Vegen er veldig rasfarleg. Eg veit ikkje kor mange ras det har vore, seier Olav Gammersvik.

Opphavleg var det planar for å legge vegen opp i lia. Men politikarane bestemte at den skulle gå langs vatnet. Avgjerda irriterer bygdefolket framleis.

Dyrt for kommunen

Lyden av boremaskiner slår i fjellsida på andre sida av den smale fjorden.

Fjellsikrarar er no i full gang med å sikre den kommunale vegen. I beste fall vert den opna att før jul.

– Sjølvsagt skal vegen byggast opp att. Det bur jo folk her inne som er avhengige av den.

Men ordførar Hege Eide Vik (Sp) veit det vert dyrt. Dei får hjelp frå staten, men veit ikkje kor mykje. Vaksdal kommune vil uansett sitte att med ein rekning på fleire millionar kroner.

Det er håp om at Toskedalsvegen kan opnast for trafikk før nyttår

ARBEID: Det er håp om at Toskedalsvegen kan opnast for trafikk før nyttår

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nesten alle vegane i Vaksdal er rasfarlege, og ras skjer stadig oftare. Er det då sjølvsagt at ein alltid vil ta seg råd til å bygge opp at alle vegar?

– Det er ingen tvil om at vi har veldig utfordringar med ras, og at vi er heilt avhengige av hjelp frå styresmaktene for å løyse desse. Men det er for gale om det ikkje skal kunne bu folk over heile kommunen og i heile Distrikts-Noreg.

For det er framtida for bygda det handlar om for folket i Toskedal.

Naiv optimisme

– Eg fekk meir besøk av barn og barnebarn før raset. No er alt vert meir tungvint, både for meg og dei.

NRK er inviterte på blautkake heime hjå Solveig Trohjell. Ho er ein av kring tjue som framleis bur i dei tre bygdene som har vore isolerte sidan i sumar.

Sigmund Simmenes er invitert og. Trass i det uføreseielege sambandet med resten av verda kan dei to naboane ikkje tenke seg å flytte.

– Vi har ro, natur og gode naboar. Kvar gong eg har vore i Bergen pustar eg letta ut når eg kjem heim hit, seier Trohjell.

Den 23. juli rasa eit stort fjellparti ut i fjorden.

RAS: Den 23. juli rasa eit stort fjellparti ut i fjorden.

Foto: ODDGEIR ØYSTESE / NRK

Simmenes var lenge varaordførar i Vaksdal.

– Eg trur bygdene våre har ei framtid. Men ein må kanskje vere naiv og dum for å vere optimist på slike stader.

Eksperten usikker på framtida

– Kommunar som Vaksdal står framfor vanskelege val.

Det seier Frode Flemsæter. Han er seniorforskar i Ruralis, senteret for forsking på utviklinga i Distrikts-Noreg.

– Det kan godt hende at det kjem ei grense for kva utgifter ein kan ta på seg. Samstundes har det store konsekvensar å ikkje ta seg råd til å fikse vegar. Sjølv om få folk bruker dei.

– Det handlar om pengar, men er og eit verdival. Det handlar om vi skal legge til rette for busetnad over heile landet.

Om kommunen skulle vald å ikkje reparere vegen måtte dei ha kjøpt ut innbyggarane. Han kjenner ikkje til at dette har skjedd i Noreg før.

Sigmund Simmenes

ISOLERT: Sigmund Simmenes er blant dei kring 20 innbyggjarane som har vore isolert i fem månader.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Digital infrastruktur like viktig

– Det er mange bygder i Noreg som er i ein liknande situasjon som dei nord på Osterøy, sjølv konsekvensane av ras nok er ekstreme her.

Flemsæter seier det er særs viktig for folk i distrikta korleis vegsambander er til større stader.

Bygdeforskaren seier oppbygginga av regionsenter har skapt større behov for gode vegar inn og ut av distrikta. Samstundes peiker han på at tilgangen på breiband kan bli like viktig som bilvegar.

– Har då desse bygdene ei framtid?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Det bur framleis folk i mange av bygdene som var i liknande situasjonar for 30 år sidan. Så mange vil nok klare seg. Men det er ikkje tvil om at kommunar som Vaksdal står framfor vanskelege val i tida som kjem.

Fire gongar i veka kjem kystbåten for å køyre bygdefolket forbi rasa til butikken.

SJØVEGEN: Fire gongar i veka kjem kystbåten for å køyre bygdefolket forbi rasa til butikken.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nedgang i folketalet

Ein gong var ikkje bygdene så usentrale som i dag. Dei hadde både skule, postkontor og butikk. Det gjekk dagleg rutebåt til Bergen.

I 1985 kom Kallestadsundet bru. Bilen var framtida. Men på desse åra har vegen vore stengt seks gonger på grunn av ras.

Og innbyggartalet har stupt.

No bur det ingen barnefamiliar i Toskedal, Gammersvik eller Grøsvik.

Så korleis vert utviklinga her, i ein av utkantane av landet vårt?

– Ingen veit korleis framtida vert. Kanskje vert det på ny attraktivt å bu på stader som dette. Ny teknologi gjer jo at det ikkje er så viktig kvar du jobbar frå, filosoferer Simmenes.