– Dette er eit resultat av at demokratiet fungerer. Sånn skal det vere. For veljarane skal ha makt, seier Erlend Brede Fossen (Sp).
Han besøkjer eldrekafeen i heimbygda Viksdalen i Sunnfjord med vel 300 røysteføre. Her har Brede Fossen nærmast unison støtte.
Storkommunen Sunnfjord har til saman 37 representantar. Tre av desse kjem no frå denne bygda.
Senterpartipolitikaren vart løfta frå 11.-plass på Senterpartiet si liste til sikker plass i kommunestyret. Personstemmer og slengarar vart avgjerande for at Brede Fossen kom inn.
– Det er veldig bra at Viksdalen har fått inn Erlend og to andre i kommunestyret, seier Reidun Hoff.
Firda omtalte denne saka først.
– Demokratiet trumfar politiske tyngdelover
Den landsomfattande Lokalvalsundersøkinga frå 2019 viser at veljarar i grisgrendte område har ein større tendens til å gi personstemmer.
Professor Yngve Flo ved Universitetet i Bergen fortel at overrepresentasjon i «periferien» skjer i to ledd.
Først ved at partia legg vekt på å sikre representasjon frå alle dei gamle kommunane, gjennom listeplassering og røystetillegg.
I neste omgang påverkar veljarane valet gjennom ekstrarøyster og slengarar.
– I hovudsak er det den tidlegare største kommunen som er underrepresentert i den nye storkommunen, seier han.
– Men står vi overfor eit demokratisk problem, om utkantane får for mykje makt i høve folketalet?
– Nei, det trur eg ikkje vi kan seie. Vanlegvis er det andre krefter som gjer at sentrum uansett får mest merksemd og mest ressursar.
Demokratiet utliknar dermed noko av dei politiske tyngdelovene, meiner valforskaren.
Byder overrepresenterte i nye kommunar
Den 1. januar 2020 smelta kommunane Førde, Gaular, Naustdal og Jølster saman i nye Sunnfjord kommune.
På førehand var mange redde for at folk frå dei gamle kommunane ikkje vil nå opp, men det motsette har skjedd:
No er bygdene i dei gamle kommunane overrepresenterte i storkommunen. Det same er tilfellet nokre mil lenger nordvest i den samanslåtte Kinn kommune.
På toppen kjem kvart fjerde medlem i det nye fylkestinget i Vestland frå tidlegare Sogn og Fjordane.
Dette trass i at innbyggarane i gamle Sogn og Fjordane utgjer berre vel 17 prosent av dei røysteføre i storfylket.
I den andre enden er Sunnhordland, som er underrepresentert i det nye fylkestinget.
Det er viktig ha folk på listene
Fylkestingsmedlem og nyvalt ordførar i Stord i Sunnhordland, Sigbjørn Framnes (Frp), meiner situasjonen er utfordrande.
– Hovudutfordringa er at dei ulike partia har for låg representasjon frå Sunnhordland, seier han.
Framnes peikar på at det kan vere eit demokratisk problem når deler av eit fylke er mykje betre representerte enn innbyggartalet tilseier.
– Ein kjenner best dei områda ein kjem frå, så det er ein viss fare for det. Men eg håper sogningane og fjordingane også bryr seg om dei lenger sør i fylket.
Han meiner at resten av Vestland har mykje å lære av gamle Sogn og Fjordane.
– Engasjementet for fylkespolitikk er sterkare i tidlegare Sogn og Fjordane enn i resten av Vestland. Dette må vi lære av.