Hopp til innhold

Bygdefolket minnest Mondale: – Han hadde hjarte for Fjærland

«Hei, Walter. Eg heiter Mundal», sa Jarle Mundal og klappa Walter Mondale på skuldra. No minnest folk i Fjærland den tidlegare amerikanske visepresidenten.

Jarle Mundal ved Mundal Hotel

MED HJARTE FOR BYGDA: Jarle Mundal trefte og såg Walter Mondale på Hotel Mundal nokre gonger. Men berre éin gong klappa han den amerikanske politikaren på skuldra.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Han var ein person som hadde hjarte for Fjærland, seier Jarle Mundal.

I natt døydde den tidlegare visepresidenten i USA. Mondale hadde sterke band til Fjærland i Sogn, der slekta hans kom frå.

Han var fleire gonger i bygda, mellom anna ved opninga av Fjærlandstunnelen.

Og det var ved det høvet, på ein fest, konfirmanten Jarle Mundal kom spesielt tett på Mondale.

Sittande bak ei vakt ved inngangsdøra såg han sitt snitt til å få helse på den amerikanske topp-politikaren.

– Eg spratt opp, klappa han på skuldra og sa: «Hei, Walter. Eg heiter Mundal.».

– Då var det to karar som heiv meg ut i full fart, ler Jarle Mundal.

Sjølv om sikkerheitsvaktene kasta konfirmanten ut, synest Mondale påfunnet var morosamt, fortel Mundal.

SJÅ REPORTASJEN: Walter Mondale besøkte Sogn fleire gonger.

Var oppteken av røtene i Sogn

Forfedrane kom frå Mundal, og Mondale skal sjølv ha vore svært oppteken av slektsbanda i Sogn. Eitt av besøka gjorde han som visepresident i 1979. Då gjekk han i land på kaia i Fjærland.

– Då var eg ei lita jenta og sat på skuldrene til far min. Då såg eg han for første gong. Det har eg sett bilete av i seinare tid. Det er litt artig, fortel museumsdirektør Anne Mundal Skjelten ved Bremuseet i Fjærland.

Ho har mange minne om den tidlegare visepresidenten. I 2007 opna Mondale klimautstillinga ved museet.

– Det var eit stort oppmøte. Vi var veldig stolte over at Walter Mondale ville opne utstillinga, fortel Skjelten.

Museumsdirektør Anne Mundal Skjelten ved Bremuseet i Fjærland

Museumsdirektør Anne Mundal Skjelten ved Bremuseet i Fjærland viser fram eit bilete frå då Walter Mondale opna klimautstillinga ved museet.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Kva har han betydd for bygda?

– Eg trur det er ei stoltheit i bygda over at ein tidlegare amerikanske visepresident har slekt i bygda her, seier ho.

Blei tildelt storkorset

Mondale var visepresident under demokraten Jimmy Carter.

– I dag minnest eg min kjære venn Walter Mondale, som eg meiner var den beste visepresidenten i landets historie. Han var ein uvurderleg partnar og ein dyktig representant for Minnesota, USA og verda, sa Carter i sitt minneord.

I 1995 vart Mondale tildelt storkorset av Den Kongelige Norske Fortjenstorden. I 2008 vart han utnemnt til norsk honorær generalkonsul i Minneapolis, ein post han hadde til januar 2010.

Walter Mondale opnar Skei-Fjærland. Den offisielle vegopninga skjedde 31. mai 1986 i Lundebotn i Jølster. Det var tidlegare visepresident i USA, Walter Mondale, som fekk æra å klippa snora.

TETTE BAND: Walter Mondale opnar Fjærlandstunnelen i 1986. Besøka til Sogn var mange og banda tette.

Foto: Olav Handeland
Den amerikansk visepresidenten hadde eit nært forhold til bygda i Sogn.