Hopp til innhold

Bygda vert lamma kvar gong ferjekøen hopar seg opp

Innbyggjarane i Tørvikbygd fryktar trafikkfarlege situasjonar. Ferjetala aukar og kaia er ikkje stor nok til å ta unna sommartrafikken.

Prøver å dirigere ferjekøen

HELPER TIL: Kaibillettør Camilla Økland i Fjord1, skal skanna bilskilta til dei som skal med ferja. I sommar må ho og hjelpa til med dirigering av trafikken.

Foto: Tale Hauso / NRK

På ferja mellom Tørvikbygd og Jondal prøver matros Kåre Bru å få flest mogleg bilar om bord.

Fellesferien i gang, og det er trongt om plassen.

– Eg veit ikkje om vi får alle med oss. Det er tvilsamt, seier Bru.

Igjen er det skikkeleg kaos i Tørvikbygd i Kvam.

Bygda vert lamma kvar gong feriekøen til ferjesambandet Tørvikbygd og Jondal hopar seg opp og strekkjer seg ut i fylkesvegen.

– Normalt byrjar ferjekaia der nede, men no står ferjekøen opp og ut i fylkesvegen, seier innbyggjar og lokalpolitikar Michael Iversen (Ap).

Michael Iversen er fortvila over ferjetrafikken og køen.

FORTVILA: Michael Iversen er fortvila over ferjetrafikken som skapar kaos i Tørvikbygd.

Foto: Tale Hauso / NRK

Trafikkfarlege situasjonar

Han viser den lange køen som strekkjer seg frå ferjekaia og vidare ut på fylkesveg 576.

For å koma seg til ferjekaia må ein ta ein 90 graders sving.

Fleire bilar køyrer på utsida i motsett køyrefelt for å koma seg forbi køen, eller nyttar seg av gang- og sykkelvegen.

I Tørvikbygd er dei no lei og redd trafikkfarlege situasjonar.

Ferjekø på fylkesvegen.

LANG KØ: Køen strekkjer seg ut av kaiområdet og inn på fylkesveg 576.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er veldig uoversiktleg og det er flaks at det ikkje har skjedd ei ulukke enno. Det er farleg for born og eldre, og for trafikktryggleiken. Det eskalerer og no har fellesferien akkurat byrja.

Innbyggjarane har samla inn video og bilete for å dokumentera situasjonen i bygda for å visa fylkeskommunen.

Ferjekø i Tørvikbygd
Foto: Eivind Måge
Innbyggjarane i Tørvikbygd har dokumentert ferjekøane i 2022.

Tryggleiken til borna

Ferjetrafikken på Jondal-Tørvikbygd aukar for kvart år. Ferja går ein gong i timen og har ein kapasitet på 130 personbilar.

– Det er skikkeleg kaos. I stad stod ferjekøen i hovudvegen i nesten ein time, og då kjem ikkje me forbi sjølv om me ikkje skal med ferja, seier Ingunn Straumstein som bur i Tørvikbygd.

Ho er spesielt oppteken av tryggleiken til borna.

– Eg har tre små barnebarn som går på denne vegen, og det uroar meg, seier Straumstein.

Ingunn Straumstein frå Tørvikbygd

UROA: Ingunn Straumstein frå Tørvikbygd er redd for tryggleiken til borna.

Foto: Tale Hauso / NRK

Sendt brev til fylket

No har ordførarane i Kvam og Ullensvang sendt brev til Vestland fylkeskommune og krev tiltak.

– Det er ein uhaldbar situasjon. Det har eskalert år for år, og me frykta at denne sommaren ville bli verre. Det har det blitt, seier fungerande ordførar, Frode Nygård (Frp) i Kvam herad.

Dei har forslått tre ulike tiltak:

  • Få på plass kompetent trafikkdirigering. Kaibillettøren som eigentleg skal skanna bilskilt hjelper til med dirigeringa i dag.
  • Ei ekstraferje som eit akuttiltak no.
  • At det i budsjettet for neste år vert lagt inn ei ekstraferje om sommaren mellom Jondal og Tørvikbygd som eit langsiktig tiltak.

Også på andre sida av fjorden, i Jondal, er det tidvis utfordringar med køen.

Frode Nygård, varaordførar (Frp) Kvam herad

SENDT BREV: Fungerande ordførar i Kvam herad, Frode Nygård seier at situasjonen er uhaldbar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kan ikkje lova ekstraferje

Vestland fylkeskommune seier dei forstår at dei fastbuande opplever situasjonen som utfordrande, og at dei følgjer nøye med på situasjonen som skjer på kaiområda i ferjesambandet.

– Vi ser på korleis trafikken no utviklar seg for å vurdera om det er behov for å gjera tiltak for å auka kapasiteten, spesielt i Tørvikbygd, seier John Martin Jacobsen, som er seksjonsleiar, ved avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Trafikkaos i Tørvikbygd

KØ: Lange køar og venting på ferjekaia i Tørvikbygd.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fylket har til vurdering om dei skal utvida parkeringsarealet i Tørvikbygd, som vart gjort i Jondal for nokre år tilbake. Om trafikken held fram å auka på sambandet, vil nok dette bli meir aktuelt, ifølgje Fylkeskommunen.

Men dei kan ikkje lova strakstiltak denne sesongen.

Det er klart at å setta inn ei ekstra ferje vil vera med på å løysa utfordringane, men det er ikkje noko vi klarer å få på plass denne sommaren, seier Jacobsen.

Spørsmålet må nemleg fylkespolitikarane ta stilling til i samband med budsjettet for neste år.

Må venta ein time på neste

På ferjekaia har ei full ferje akkurat gått frå land, medan ferjekaia allereie har fylt seg opp på ny.

– Eg blir litt oppgitt. Fylket har fått beskjed om dette tidlegare, dei ser trafikktala og dei tar ikkje tak i dette, seier Iversen.

På kaia står fleire bilar igjen og som må venta på neste ferje. Mellom anna Hildegunn Svastuen som kom frå Bergen og skulle vidare til Odda.

– Vi lurte på om det var plass til oss, men køen var lengre enn vi hadde sett føre oss og hadde håpa på. Men eg visste ikkje at det var ein heil time å venta, seier ei overraska Svastuen.