Bygd samla i sorg etter at 18-åring omkom

Fleire titals personar samla seg for å minnast 18 år gamle Ingar Molde Paaske, som omkom i ei badeulukke i Lærdal i går.

open kyrkje Lærdal
Foto: Jan Christian Jerving

Torsdag ettermiddag heldt Lærdal kyrkje dørene opne for den vesle bygda, som onsdag mista ein av sine ungdomar i ei badeulukke.

– Det viser seg at det er eit behov for folk for å samlast. Det er klart det opprører veldig eit lite lokalsamfunn når noko slikt skjer, seier sokneprest Wenche Lie Lysne.

Det var onsdag ettermiddag at 18-år gamle Ingar Molde Paaske kom bort frå venene sine, då han bada i sjøen framfor Lærdal hotell. Han blei frakta til Haukeland universitetssjukehus onsdag kveld. Torsdag føremiddag melde politiet i ei pressemelding at livet ikkje stod til å redde.

Namnet er frigitt i samråd med pårørande.

– Ei verdig ro

Torsdag var nær 50 personar innom kyrkja i Lærdal for å tenne lys, søkje saman og minnast den omkomne.

– Det var ei verdig ro over det heile, skildrar soknepresten

– I hovudsak var dei frammøtte ungdom, både frå Lærdal og nabobygdene, men også vaksne som følgde ungdomane sine.

badeulukke lærdal open kyrkje

TILGJENGELEG FOR SAMTALE: Sokneprest Wenche Lie Lysne opna torsdag ettermiddag dørene for dei som ville minnast den omkomne i kyrkjerommet.

Foto: Jan Christian Jerving

Det er ikkje mange åra sidan Wenche Lie Lysne konfirmerte ungdomane som no er samla i sorg.

– Me kjenner kvarandre litt frå før, det kan gjere det lettare å ta kontakt også framover.

– Heile lokalsamfunnet prega

Lærdal kommune har sett ned kriseteam og politiet etterforsker saka.

Også kulturhuset i kommunen har vore opna for folk som ville samlast. Ordførar Audun Mo seier heile lokalsamfunnet er prega, og at mange har behov for nokon å snakke med etter ulukka.

– Vi er alle råka av dette her. Lærdal er ein liten kommune der alle kjenner alle. Vi gjer alt vi kan for å ta vare på dei pårørande og sørgjande.

Badeulykke Lærdal, 17.06.2020

OMKOM: Ein 18 år gamal mann omkom etter badeulukka framfor Lærdal hotell onsdag ettermiddag.

Foto: Jan Christian Jerving

Ordføraren skildrar «ein gut frå Lærdal i sin beste alder».

– Det gir eit sterkt inntrykk. Eg har sjølv ein gut på same alder.

Bada saman med vener

Naudetatane kom raskt på staden, like ved den offentlege badeplassen, onsdag. Ifølgje Mo skal ulukka ha skjedd i innløpet til båthavna, som han karatiserer som smal, men djup.

Det blei bedt om assistanse frå redningsdykkarar frå Bergen, luftambulanse og redningsskøyte.

– Politiet blei varsla like før halv fem onsdag ettermiddag av AMK Førde om hendinga, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Frode Kolltveit.

Starta hjarte- og lungeredning

Det er uvisst kor langt ute og kor djupt det var der den omkomne sist blei observert.

12–13 mann frå brannvesenet i Lærdal kom raskt i gong med overflatesøk frå båt i området, opplyser Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Etter søk av dykkarar blei det meldt om funn i det aktuelle området klokka 17.22.

– Vedkommande blei henta opp og frakta inn til land der hjarte- og lungeredning straks blei sett i gang, seier Kolltveit.

Klokka 17.38 blei han frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

– Vi er i kontakt med dei som var saman med personen, men har ikkje fått noko stadfesting på kva som har hendt i minutta og sekunda før dette skjedde, sa Kolltveit til NRK onsdag ettermiddag.

Laster kart, vennligst vent...