Hopp til innhold

Bygda jublar, men han taper på ny E39

SANDE (NRK): Med tog, korps og flagg samla bygda seg til feiring då den nye delen av E39 opna, og vegen vart lagt utanom sentrum. For kroverten Per Kapstad har det derimot ikkje vore noko å feire.

Per Kapstad

KRITISK: Per Kapstad er kritisk til omlegginga av E39, og trur han taper mykje pengar på den nye vegen

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Før kunne vi selje ti rom på eit par timar på kveldane om sommaren, men det skjer aldri no lenger. Det har vore ein veldig stor skilnad etter at vegen forsvann frå sentrum, seier Kapstad.

Tidlegare gjekk E39 rett gjennom Sande i Gaular kommune, med all sin trafikk og tungtransport. Etter at ei ny vegstrekkje vart opna tidlegare i år, går vegen no godt utanom bygda.

Kapstad hevdar at han kanskje mister rundt 10 000 kroner i inntekter kvar dag som følgje av det. No er han uroa for framtida.

opning av E39 på Sande

BRASK OG BRAM: omlegginga av E39 utanfor Sande sentrum vart feira av bygdefolk og politikarar, her klipper dei den raude snora på opningsdagen

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Vi må nesten berre sjå det litt an utover hausten. Då har vi gjerne meir faste gjester og bestillingar på førehand, så vi får berre håpe at det blir betre. Viss ikkje må vi vurdere heile drifta her.

Les også: Opna ni kilometer med ny E39

Ikkje nøgd med skiltinga

Kapstad var skeptisk til at vegen skulle leggjast om i det heile, men når det først er tilfelle meiner han i alle fall at skiltinga burde vore betre.

– Dei som planlegg ein veg utanom sentrum må jo i alle fall merke og skilte godt slik at folk finn fram til dit vegen gjekk tidlegare, det manglar nesten totalt på Sande, seier Kapstad.

Video E39 får pengar i Gaular

MYKJE TRAFIKK: det gjekk store mengder trafikk gjennom Sande sentrum tidlegare, no er det ganske stille og roleg i den vesle sunnfjordbygda.

Foto: Nyhetsspiller

– Eg såg veldig fram til omlegginga

Men ikkje alle er like kritiske til Kapstad. Omlegginga vart trass alt møtt med tog og jubel i bygda, og butikksjef Jarl Tyssekvam tek det ikkje tungt at han ikkje lenger får trafikken utanfor butikken sin.

Les også: Det var først ute på den nye vegen

– Eg såg veldig fram til at vegen skulle leggjast om, og eg trur ikkje det har hatt så mykje å seie på omsetnaden vår no i sommar. Eg trur faktisk vi har mista meir på regnvêret, enn vi har på at E39 ikkje lenger går gjennom sentrum, seier Tyssekvam.

Han går likevel med på at dei nok mister litt handel frå folk som stoppar opp på den trafikkerte vegen, men han meiner andre ting med omlegginga vegar opp for det.

Jarl Tyssekvam

NØGD: Kjøpmann Jarl Tyssekvam er nøgd med den nye vegen

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

– No kan eg sitje ute med familien min og prate, utan å bli forstyrra av motordur frå tungtrafikken gjennom sentrum. Det er sikkert tretti år sidan sist gong eg kunne det.

Står på sitt.

Per Kapstad står likevel på sitt. Han har drive kro og hotell på Sande i over 40 år, men etter vegomlegginga er han usikker på om det er grunnlag for vidare drift.

– Dei pengane som vi får inn på sommaren utan at folk har tinga rom på førehand, dei er faktisk viktige for drifta resten av året. Det er det som er grunnlaget for at vi kan drive heile året, avsluttar Kapstad.