Bygda blir påtvinga eit namn ingen vil ha: – Eg trur eg aldri har høyrt namnet før

Kartverket står på sitt og vil at det skal stå Øystrebø på kartet, men innbyggarar kjenner knapt til namnet.

Østerbø

ØSTERBØ ELLER ØYSTREBØ?: Innbyggarane er ueinige med Statens kartverk om namn.

Foto: PRIVAT

– Eg trur eg aldri har høyrt namnet Øystrebø før, seier Geir Helge Østerbø.

Han bur i og delar namn med det mange kallar for Østerbø i Høyanger kommune, men som Kartverket meiner bør heite Øystrebø. Det var Ytre Sogn som skreiv om saka først.

Den vesle grenda med 15 innbyggarar er ikkje heilt ukjend med namnestrid. I fjor tilrådde Språkrådet namnet Austrebø. Då blei det rabalder.

– Vi har skrive og brukt namnet Østerbø i alle dagar. Då blir det rart om vi skal bli overkøyrde, seier Østerbø.

Både ei namnenemnd i kommunen og grendelag har protestert og vil at namnet skal vere Østerbø. No skal saka opp i kommunestyret.

Ifølgje Kartverket har skrivemåten vore Øystrebø minst tilbake til 1959. Men i bygda nyttar dei fleste namnet Østerbø.

Geir Helge Østerbø

VARAORDFØRAR: Geir Helge Østerbø er varaordførar for Senterpartiet i Høyanger kommune. Han må sitte på publikumsbenken når namnesaka skal opp i kommunestyret.

Foto: Privat

Manglar gateadresse

Tysdag kveld bestemte kommunepolitikarane i Høyanger seg for å klage på skrivemåten til Kartverket.

– Både formannskapet og kommunestyret var samrøystes, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap).

Dermed gjekk dei for forslaget til rådmannen, som bad politikarane om å anke avgjerda fordi namnet ikkje blir brukt i deira skrivemåte eller talemål. Namnedebatten gjer at fleire i Høyanger står utan gateadresse.

– Ønsket frå lokalbefolkninga burde vere ei rettesnor. Dette rokkar ved identiteten til folk, seier Sortland.

Petter Sortland, ordførar i Høyanger (Ap)

NAMNETRØBBEL: Høyanger-ordførar Petter Sortland seier stadnamn er viktig for identiteten til innbyggarane sine.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Brukt i fleire tiår

Statens kartverk meiner Øystrebø er skrivemåten som tek best vare på korleis namnet faktisk blir uttalt og skrive.

– Dette er ei vidareføring av skrivemåten som har vore i offentleg bruk før. Øystrebø er brukt i fleire tiår, seier Erlend Trones, som er regionalt namneansvarleg i region Vest i Kartverket.

– Kvifor vekkjer namnevalet så store protestar?

– Det har kanskje ein samanheng med at fleire har Østerbø som slektsnamn. Men slektsnamnet er ei privatsak, og blir ikkje påverka av denne saka. Vi har sett nøye på skrifttradisjonen og Øystrebø har tradisjon i offentlege kart, seier Trones.

I verste fall kan namnestriden ende i ei eiga nemnd med det passande namnet «Klagenemnda for stadnamnsaker».

– Etternamnet mitt kan heldigvis verken Språkrådet eller Kartverket gjere noko med, seier Østerbø.