Hopp til innhold

Bybanen til Åsane blir mange milliardar dyrare

Det kjem til å kosta minst 17 milliardar kroner å byggja bybane til Åsane, opplyser Plan- og bygningsetaten i Bergen til BT. Anslaget er ein auke på nesten fem milliardar kroner frå sist prisen vart rekna på, hausten 2020. Den gong var kostnadsoverslaget på 12,6 milliardar kroner.