Hopp til innhold

Byar kan få lov til å forby dieselbilar

Regjeringa vurderer å støtte forslaget om å forby dieselbilar å køyre på dagar med høg luftforureining.

Tett trafikk over Danmarksplass

Venstre vil at byar skal få lov til å forby dieselbilar å køyre på dagar med høg luftforureining, og regjeringa vurderer å støtte forslaget.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Ola Elvestuen (V)

– Dieselbilar er det største problemet, seier nestleiar i Venstre, Ola Elvestuen.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Venstre foreslår å la byar forby dieselbilar å køyre på dagar med høg luftforureining, og regjeringa vurderer no å støtte forslaget.

– Dieselmotorar er hovudproblemet når det gjeld lokal luftforureining. Då må me ha tiltak som går direkte mot dei, seier Ola Elvestuen, nestleiar i Venstre til Bergens Tidende.

Det største problemet

Fleire parti har tatt til orde for at dieselbilar skal kunne betale meir i bompengar enn andre bilar. Venstre går altså enda lenger i sitt forlag, og vil gje kommunane moglegheit til å nekte dieselbilane å køyre i det heile tatt på dagar med mykje forureining.

Dieselbilar har langt høgare utslepp av NOx enn bensinbilar.

– Miljødifferensiering er eit meir langsiktig verkemiddel, og fjernar ikkje utsleppa når situasjonen er akutt. Det er kommunen som er ansvarleg for å sørgje for god luftkvalitet for borgarane, seier Elvestuen.

Bergen hadde sitt kriseår med luftforureining i 2010. I år kom ei reisevaneundersøking som viser nedgang i biltrafikken for første gang sidan 60-talet.

Regjeringa vurderer å støtte forslaget

Statssekretær John-Ragnar Aarset (H) i Samferdsledepartementet seier dei ikkje har drøfta Venstre sitt forslag konkret, men at ein del av problemstillingane er på blokka.

– Me har sett ned ei arbeidsgruppe leia av Klima- og miljødepartementet. Både miljødifferensierte bompengar, lågutsleppsone og eit mogleg dieselforbod er blant tiltaka me vurderer, seier Aarset.

Trur på fleirtal i bystyret

Erlend Horn

Erlend Horn (V) trur opposisjonen vil samle seg om ein meir offensiv miljøpolitikk i Bergen, og vil foreslå at bystyret vedtek den strengaste versjonen av regelverket.

Foto: Sølve Rydland

Erlend Horn (V) seier at så snart det er mogleg vil Venstre i Bergen foreslå at bystyret vedtek den strengaste versjonen av regelverket.

– No har me eit mindretalsbyråd, og då er det håp om å få til ein meir offensiv miljøpolitikk. Me reknar med at me kan samle opposisjonen, inkludert KrF, om desse forslaga, seier Horn.

Arbeidsgruppa leia av Klima- og miljødepartementet skal levere sitt arbeid tidleg på hausten, deretter skal saka til politisk behandling.