Bustadhus i Bergen var overtent: – Store delar har rast saman

Store delar av ein einebustad med to bueiningar i Fyllingsdalen i Bergen har rast saman. Alle åtte som bur i huset er gjort greie for, og ingen er skadd.

Brenn i ein fleirmannsbustad i Fyllingsdalen i Bergen.

RAST SAMAN: Store delar av huset har rast saman, og røykdykkarane har trekt seg ut.

Foto: Kieran Kolle

Like etter 18.00 sundag meldte 110 Vest om brann i ein einebustad i Fyllingsdalen i Bergen.

– Det er full overtenning i huset, sa vaktkommandør Ronald Drotningsvik i 110 Vest 18.25.

Om lag 19.10 kunne brannvesenet melda at dei hadde kontroll igjen. Ingen vart skada i brannen.

Tidleg måtte brannvesenet jobba med å finna ut om det var folk i bustaden.

– Vi har fått melding om at det brenn i taket, og vi går igjennom huset for å sjekke at der ikkje er folk, og har no fått stadfesta at det ikkje er folk i underetasjen, sa Drotningsvik.

18.55 kunne 110 Vest melda at store delar av huset hadde rast saman, og at det ikkje var fare for spreiing til andre bustadar.

Fekk søkt gjennom halve huset

Ifølgje operasjonsleiar i Vest politidistrikt Tatjana Knappen, er det åtte personar som bur i huset.

Røykdykkarane til brannvesenet fekk sjekka under- og mellometasjen, utanom stova, før huset raste saman. Dei fann ingen der.

Dei resterande bebuarane bur i den andre eininga. Dei har politiet hatt telefonisk kontakt med, opplyser operasjonsleiar Knappen.

Brann Fyllingsdalen

BRANNVESENET: Brannvesenet fekk søkt gjennom halve huset før taket raste saman.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

– Sånn sett har me no ei betre oversikt over situasjonen. Me forsøker framleis å få kontakt med dei enkelte bebuarane for å få bekrefta kvar dei er akkurat no, sa Knappen like før klokka 19.

Etter kvart viste det seg at dei som bur i den eine einiga er på ferie. Bebuarane var heller ikkje heime. Knappen omtalar lokaliseringsarbeidet som krevjande og hektisk.

Fv. 5358 Øvre Fyllingsveg var ei tid stengd etter brannen, men var no open att.

Veit ikkje årsaka til brannen

Brannvesenet arbeider no med ettersløkking på staden.

– Me har inga aning om kva årsaka kan vere, seier Drotningsvik i 110 Vest.

Politiet er no staden og tar vitneavhøyr.

Dei vil undersøkja branntomta for å finna ut kvifor det byrja å brenna.

– Det blir fyrst aktuelt å finna slik spor når åstaden er blitt kald nok til at me kan gå inn med krimteknikarar. Det blir gjerne fyrst i morgon tidleg, seier operasjonsleiar Knappen.