Hopp til innhold

Bussjåføren tar på seg skulda for trafikkulykka i Stryn

Ein utanlandsk turbussjåfør har erkjent straffskuld for ulykka i Stryn i går der ein buss køyrde i ein hjullastar. 12 personar vart sende til sjukehus.

Ulukke i Oppstryn

INN I HAGE: Bussen med 20 kinesiske turistar hamna inn i ein hage etter den kraftige samanstøyten.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK

– Sjåføren av turistbussen har forklart seg i dag. Han erkjenner straffskuld for ulykka og er fråteken førarkortet, seier politibetjent Jan Tore Sunde.

Det var i går ettermiddag at ein buss med 20 kinesiske turistar køyrde på ein hjullastar som dreiv med kantslått. Bussen hamna utfor vegen i Oppstryn i Stryn kommune. 12 personar vart sende til sjukehus og føraren av hjullastaren vart frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Ein representant for det utanlandske busselskapet fortel at ulukka kom som eit sjokk på selskapet.

– Det er framleis eit sjokk at dette har skjedd. Vi har ikkje mykje informasjon om ulukka, men vi skal til ulukkesstaden.

Har gjort avhøyr

Tysdag ettermiddag har politiet avhøyrt både bussjåføren og eit vitne som var om bord i bussen.

– Bussjåføren har framleis ikkje reist frå Stryn og juristane skal ta stilling til kva som skal skje vidare i saka. Han har gitt si forklaring på kva som skjedde. Vi vil førebels ikkje seie noko om kva han har forklart i avhøyr, seier politibetjent Sunde.

Etter vitneavhøyr og forklaringa frå bussjåføren har politiet eit klart bilde av kva som førte til ulykka. Likevel står det att ein del etterforskingsarbeid.