Hopp til innhold

Bussjåfør får ikkje køyra skulebuss etter vald mot 14-åring

Politiet er kopla inn etter at ein 14 år gamal gut kom blødande heim frå skulebussen i Ullensvang. Fleire barneskuleelevar skal ha begynt å grine under opptrinnet.

Dalesvingen rv. 13 Ullensvang

FULL STOPP: Det var her i Dalesvingen på rv. 13 i Ullensvang at sjåføren stoppa bussen etter at det fleire gonger hadde blitt trykt på stoppknappen. Etterpå nekta han å køyre vidare, og var valdeleg mot ein elev som prøvde å ta affære.

Foto: Google maps

– Vi veit at det har vore fysisk kontakt mellom sjåføren og ein elev. Sjåføren kjende seg provosert, og har lagt hand på eleven, seier lensmann i Hardanger, Terje Kvalvik.

Det var fredag i førre veke at politiet melde om klammeri på ein skulebuss i Ullensvang i Hardanger.

Laster Twitter-innhold

– Sjåføren har fortalt via andre at det var bråk om bord i bussen. Det vart trykt på stoppknappane fleire gonger, men ingen gjekk av, seier Kvalvik.

Sjåføren stoppa bussen på riksveg 13 i Dalesvingen i Ullensvang, og venta på at nokon skulle gå av. Då ingen gjorde det, vart bussen ståande.

– Dette skal ha gjort at situasjonen eskalerte, seier Kvalvik.

Terje Kvalvik

ALVORLEG: Lensmann i Hardanger, Terje Kvalvik, seier politiet førebels ikkje er kome skikkeleg i gong med etterforskinga. Han seier likevel at dei ser alvorleg på saka.

Foto: Egil Torheim

Det var Hardanger Folkeblad som først skreiv at sjåføren hadde vore valdeleg mot ein elev.

Lensmannen understrekar at politiet ikkje er skikkeleg i gong med etterforskinga, og førebels ikkje har avhøyrd sjåføren, den involverte eleven eller vitne.

– Tok tak og slo

Guten sine foreldre fortel at 14-åringen kom heim fredag ettermiddag med eit blodig øyre.

– Han har fortalt at bussen hadde stått parkert i 45 minutt då han gjekk fram for å prate med sjåføren. Det var ein del barneskuleelvar om bord, og fleire var urolege og begynte å grine. Sonen min opplyste sjåføren om at fleire hadde ringt til politiet og foreldra, og då mista sjåføren kontrollen. Han tok tak i sonen min og skal ha slått han, seier faren.

– Det er heilt utruleg. Denne sjåføren bør ikkje køyre buss, meiner faren.

Har videoopptak

Konsernsjef i Tide, Roger Harkestad, fortel at dei no skal gå gjennom videoopptak frå bussen saman med politiet. Busselskapet har også vore i møte med skulen og rektor om episoden.

Roger Harkestad, administrerende direktør Tide Buss AS

PERSONALSAK: Konsernsjef i Tide, Roger Harkestad, seier dei handterer dette som ei personalsak. Han vil ikkje gå inn på kva konsekvensar episoden kan få for sjåføren på sikt.

Foto: Tide

– Sjåføren køyrer ordinær rutebuss og ikkje skulebuss i desse dagar. No ønskjer vi å få alle fakta på bordet, og danne oss eit fullstendig bilete av det som har skjedd. Vi har hatt ein samtale og skal ha fleire med sjåføren, og samarbeider godt med politiet i denne saka, seier Harkestad.

Han fortel at sjåføren hadde vandelsattesten i orden.

– Alle formalitetar er i orden. Dette har vore ein god sjåfør for oss i fleire år, seier Harkestad.

Skulen har sett inn «bussvakt»

Konstituert rektor ved Kinsarvik skule, Dagny Opedal, seier dei no har brukt tid på å gå gjennom reglementet for korleis ein oppfører seg på skulebussen.

– Elevane skal ha det trygt på skulevegen og skuleskyssen. Vi har også sett inn bussvakt i 14 dagar, for å sjå at alle tek på seg selen og set fint i bussen. Det skal ikkje oppstå situasjonar som gjer at det vert utrygt for elevar, seier Opedal.

– Det er trygt å køyre buss, både med tanke på trafikktryggleik og anna tryggleik. Vi har 3000 velutdanna sjåførar i Tide, og tek tryggleiken på alvor, seier Harkestad.