Hopp til innhold

Busselskapa køyrer for halv maskin – men Helsedirektoratet held fast på einmetersregelen

Medan folk kan sitje tett i tett på bybussane, så gjeld framleis einmeterregelen for bussturar på over ein time. Det fører til kansellerte turar og lange omvegar.

Bussførar Otto Aaland ved Ålesund-bussen.

SLIT: – Alt er litt annleis no, seier busssjåfør Otto Aaland. Mange busselskap slit med svekka kapasitet og tilbod som følgje av smittevernreglane for kollektivtransport.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg veit ikkje heilt kva buss du skal ta for å vere ærleg, seier Otto Aaland, som er bussjåfør i VY.

Han står parkert på rutebilstasjonen i Førde. Turen går snart vidare til Ålesund.

Studentar og andre som skal til Trondheim, kan sitje på opp dit om dei vil, men derifrå er Aaland ikkje sikker på kva dei bør gjere.

Fjordekspressen som til vanleg går over Strynefjellet og heile vegen til Trondheim, er kansellert.

Der krava til smittevern på bybussane er mjuka opp og folk kan sitje ved sidan av kvarandre, er krava til reiser på over ein time stadig dei same.

Signal frå Helsedirektoratet tyder på at desse ikkje vil endre seg med det første.

Fulle bussar – liten gevinst

– Korleis reglane skal vere må regjeringa svare på, men av økonomiske omsyn skulle eg gjerne sett at me fekk fylle bussane att. Dette rammar oss hardt, seier Merethe Olsen, administrerande direktør Olsen i NOR-WAY.

For nokre veker sidan gjekk kravet om maks kapasitet på 50 prosent vekk, men Olsen fortel at dei er eit godt stykke unna normalen for det.

– Me ligg på 60–70 prosent no. Det er det største problemet vårt, seier ho.

Merethe Olsen, administrerende direktør i NOR-WAY Bussekspress.

PROBLEMATISK: Administrerande direktør Merethe Olsen i NOR-WAY, meiner smittevernreglane gjer det vanskeleg for kollektivtransporten å legge til rette for etterspørselen blant passasjerar.

Foto: Richard Aune / NRK

I tillegg til å kansellere og omorganisere fleire bussruter, slik som Førde-Trondheim-ruta, er dei vanlege rutene mellom byane stort sett utselde, og mange får ikkje komme med. Men med halvfulle bussar er det økonomiske utbyttet lågt. Olsen håpar på endringar i reglane.

– No har me tatt vår del av dugnaden for å komme dit vi er i dag.

– Lite smittespreiing

Eirik Sandnes, regionsjef i Tide, fortel at situasjonen er i betring, men at det vil ta tid før ting vil bli som før.

– Det er utfordrande for alle partar. Vi er avhengige av at billettinntekter for at det skal gå rundt, så me ønskjer jo å komme tilbake til normalsituasjonen, seier han.

Kommersiell direktør i VY, Bjørn Rebne, fortel at dei auka rutetilbodet i slutten av juni, men at nokre ruter framleis er reduserte.

Rebne er klar på at dei ønskjer å følgje smitterevernsreglane, men han hevdar samstundes at tida har vist at det er smittetrygt for passasjerar å ta buss.

– I heile perioden har me berre hatt to tilfelle med covid-19 utan at det er påvist smittespreiing, så det er jo ikkje så dårleg.

Vil ikkje endre reglane

For ikkje lenge sidan kom Helsedirektoratet med ein eigen manual for korleis kollektivtransporten skal ta omsyn til smittevernreglementet. Trass i protestar og låge smittetal, så gir fagdirektør Karin Straume få signal på at dei vil losne på reglane med det første.

– Hovudanbefalinga er å halde ein meter avstand gjennom heile reisa. Det er viktig å avgrense samlingar av menneske på område som ikkje er heilt nødvendige, seier ho.

Ho legg ved at direktoratet om kort tid vil levere oppdaterte anbefalingar om tilpassing av einmetersregelen for kollektivtransport og kulturarrangement, til Helse- og omsorgsdepartementet.

Karin Straume i Helsedirektoratet.

REGELEN HELD TRULEG FRAM: Karin Straume i Helsedirektoratet seier dei snart vil levere nye råd om tilpassing av einmetersregelen til Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Ola Weel Skram / NRK