Verken sjåføren eller passasjerane kom til skade i brannen, truleg fordi bussen kom raskt ut i friluft. Sjåføren fekk parkert på ein rasteplass utanfor tunnelen, og like etter sto flammane opp. Sjåføren prøvde å sløkkje med eit pulverapparat, men det var fånyttes.
Sjeleglad
Foto: Heidi Lise Bakke
Bussen var på veg frå Fjærland mot Sogndal. Det var i Bergetunnelen, den kortaste tunnelen på oppstiginga til Sogndalsdalen, bussen tok til å brenne. Marknadssjef i billaget, Svein Arne Vik, er sjeleglad for at det ikkje var i ein lengre tunnel uhellet skjedde, eller at det tok til å brenne eit par minutt seinare. Då hadde bussen vore inne i den lange Frudalstunnelen, og då kunne det gått verre.
Det var fem passasjerar i bussen, og ingen kom fysisk til skade i brannen. No vil selskapet følgje opp dersom nokon skulle ha behov for det, seier Svein Arne Vik.