Hopp til innhold

Her står bussen på vippen - sklei av vegen

Turen til mormor og morfar vart ikkje heilt som Ingrid Moss Kolseth hadde tenkt. Bussen, som skulle vore på veg til Sykkylven, sklei av vegen på fylkesveg 60, like over fylkesgrensa til Møre og Romsdal.

Buss sklei av vegen

STÅR FAST: Bussen står godt fast i grøfta, og passasjerane må fraktast vidare med drosje.

Foto: Ingrid Moss Kolseth

– Bussen køyrde ganske forsiktig, men plutseleg sklei han berre rett av vegen og hamna i grøfta. Brått merka eg at bussen stod på vippen og la seg i grøfta, seier Kolseth.

Det er om lag ti personar om bord i bussen. Dei ventar no på at ein drosje frå Stranda skal ta dei med vidare.

Kolseth understrekar at det ikkje var svært dramatisk, men at det var litt ekkelt då bussen brått la seg over på sida, og ned mot snøen i grøfta.

Bytta side då bussen la seg på vippen

– Vi flytta oss kjapt over på andre sida i bussen, kan du seie. Bussen låg liksom og vippa. Heldigvis er det ikkje noko stup eller slikt på sida. Det er berre skog, så vi kan ikkje fare nokon stad, seier Kolseth.

Bussen la seg på høgre side, og dermed vart også dørene automatisk stengde, då dei vart liggjande ned mot grøfta.

– Det kom til ein bonde med ein traktor som ville prøve å dra oss laus, men det var det ikkje hjelp i. No har dei fått måkt, slik at det er råd å komme seg ut av bussen. Men det er kaldt ute, så vi held oss inne til drosja kjem, seier Kolseth, som håpar ho kjem seg til besteforeldra på Stranda i løpet av kvelden.

Politiet stadfestar at dei har fått melding om at ein buss har sklidd av vegen ved Kjeldstadlia. Det har ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med Nettbuss for ein kommentar.