Buss møtte steinras: – Det lukta svidd

– Det var nokre vanvitige blokker som var komne ned, seier Jens Brekke. No kan den einaste vegen inn til Arnafjorden i Sogn bli stengd i fleire dagar.

Steinras mellom Vikøyri og Arnafjord

STORE STEINAR: Det var store steinar som rasa ned på fylkesveg 5600 mellom Arnafjord og Vik.

Foto: Jens Brekke

Vanlegvis køyrer bussjåføren med skuleelevar på denne strekninga. Men då han kom der i dag var vegen sperra av stein og det rasa framleis mindre stein nedover.

– Hadde dette treft oss ein annan dag, kunne ein heil generasjon vore vekke, seier Brekke.

Brekke sjølv måtte sette att bussen og ordne seg båtskyss forbi rasstaden.

Han kom køyrande som bussjåfør då han plutseleg såg det store raset som sperra vegen, og hadde knust delar av vegbana.

– Det lukta svidd då eg kom til rasstaden, og det rasa framleis nedover fjellsida, seier vikjen.

Fylkesveg 5600 mellom Vik og Arnafjord i Vik kommune er ein svært rasutsett veg, og er vanlegvis stengt grunna rasfare fleire gonger i året.

Vegen kan bli stengd i fleire dagar

Eit så stort ras som gjekk i dag er likevel ikkje vanleg.

– Det var nokre vanvitige blokker som var komne ned, seier Brekke.

No seier Vegvesenet at vegen kan bli stengd i fleire dagar, og at bygda Arnafjord med kring 150 innbyggjarar dermed vil bli isolert frå omverda.

– Entreprenøren seier at dette diverre kan bli langvarig, men det vil bli teke ei ny vurdering innan klokka 17 i dag, seier Ronny Sleira ved Vegtrafikksentralen.

Båten frå Vik til Ortnevik klokka 14 onsdag stoggar på Nese for å ta på passasjerar frå den isolerte bygda.