Hopp til innhold

Bur seg på hard kamp om ferjene

Både Fjord1 og Norled varslar hard kamp om ferjesambanda i fylket dei komande åra. I dag er det berre Fjord1-ferjer å sjå på fjordane i fylket.

Bilferja Gloppen legg til kai i Oppedal. Arkivfoto.

BEGGE VIL KJEMPE: Både Norled og Fjord1 vil kjempe om ferjerutene i fylket framover. Fredag blei det kjend at Nordled sikra seg Lavik–Oppedal på E39.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det kan fort endre seg, for alle ferjesamband skal ut på anbod i løpet av få år. Administrerande direktør Ivan Fossan i Norled Norled seier dei skal vere med i konkurransen.

– Norled kjem til å vere med på dei anbodskonkurransane som er ute, både i Sogn og Fjordane og elles i Norge, seier han.

Trur det blir spennande

I mai tok Norled over hurtigbåtrutene mellom Sogn og Fjordane og Bergen. Fredag tok det Stavangerbaserte selskapet eit nytt jafs av Fjord1-porteføljen. Ferjene på trafikkerte Lavik-Oppedal får Norled-flagg frå 2015. Og fleire kan det bli.

– For oss er det spennande å vere med i dei anbodskonkurransane som blir lyste ut. Då er det like attraktivt å drive ei ferje til eit øysamfunn som eit E39-samband, seier Fossan.

Skuffa i Fjord1

Seinast i mai melde Fjord1 om ein trafikkauke på Lavik-Oppedal på over 15 prosent.

– Det er klart det er skuffande at vi ikkje fekk Lavik–Oppedal. Det er eit viktig, stort og sentralt samband vi gjerne skulle behalde, seier kommersiell direktør Frode Ohr.

Trass tapet varslar Fjord1 at dei aktar å vere størst på ferjer i fylket også i framtida.

– I løpet av det neste halvannan året, vil fleire nye anbod i Sogn og Fjordane komme ut. Vi må knytte nevane og førebu oss på dei kommande konkurransane og vise at vi er i fremste rekkje.

Men då må dei snu trenden, for Norled har teke siste stikk to gongar på rad.

– Det er knalltøff konkurranse. Vi kjem også til å vere frampå i dei neste konkurransane, så det blir spennande framover, seier Ivar Fossan i Nordled.