Hopp til innhold

«Vi ønskjer at fjella og den urørte naturen skal få ligge der for ungane og barnebarna våre»

GULEN (NRK): NVE seier ja til vindturbinpark i Gulen kommune, men kommunen sjølv seier nei. No vil bunadskledde innbyggjarar overtyde olje- og energiministeren om at Dalsbotnfjellet skal få liggje urørt.

Folkemarsj mot vindkraft i Gulen

VIL TA VARE PÅ URØRT NATUR: Wenche Midthun (t.h.) er ein av grunneigarane på Dalsbotnfjellet i Gulen kommune.

Foto: Håvard Heggen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg har Sognebunad. Eg er glad i den, som eg er i fjella her. Derfor syntest eg det passa godt å gå i den, seier Linda Hantveit.

Ho står på Dalsbotnfjellet, 600 meter over havet i Gulen. Her ønskjer vindkraftselskapet Zephyr å byggje vindmøller som skal rage 150 meter over bakken. NVE har gjeve konsesjon, trass i at kommunen har vendt tommelen ned.

Olje- og energidepartementet skal ta den endelege avgjerda. Deira siste synfaring blei møtt med ein bunadskledd folkemarsj mot vindkraft.

Bunadskledde demonstrantar i Gulen

BUNADSKLEDDE: Innbyggjarane frå Gulen som deltok i folkemarsjen var staseleg kledd.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Folkedrakta har vore med oss gjennom generasjonar, slik som fjella. Vi ber bunaden med tanke på generasjonane etter oss. Vi ønskjer at fjella og den urørte naturen få skal ligge der for ungane og barnebarna våre, seier Hantveit.

Det er her vi hentar energi og påfyll l i kvardagen. Det vil generasjonane etter oss også trenge.

Vindkraftmotstandar Linda Hantveit

Støttar opp om kommunevedtak

Ho er overraska over at NVE sa ja til eit prosjekt kommunen ikkje ønskjer, og seier dei ikkje kjenner seg høyrde. Dei bunadskledde demonstrantane vil markere motstanden som ligg i lokalsamfunnet, også synleggjort gjennom nei-vedtaket som blei gjort i kommunestyret.

– Det er viktig å støtte opp under avgjerda dei har teke. Vi håpar den blir teke til etterretning, seier Hantveit.

Wenche Midttun er grunneigar på Dalsbotnfjellet. Ho har kjempa mot vindkraft i over ti år.

– NVE har gjeve konsesjon til utbygging, sjølv om dei sa på folkemøtet at det ville dei aldri gjere dersom kommunen sa nei. Vi føler oss nedtrampa, har ho tidlegare uttala til NRK.

Protest mot vindkraft i Gulen

DEMONSTERER MOT VINDKRAFT: Vi føler oss nedtrampa, rett og slett, seier Wenche Midthun, grunneigar på Dalsbotnfjellet i Gulen kommune.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Merete Haugsdal har kledd seg i Masfjordbunad for å vise si meining om vindkraftutbygga.

– Det vil påverke oss veldig mykje. Vi er så glade i naturen her og går tur i fjella. Det er eit fantastisk turområde, seier ho.

Vindmøller er stygt å sjå på, det øydelegg for naturen, dyra, oss som bur her. Det vil ikkje blir det same å gå opp her og sjå utover fjella, så står det ein stor turbin og durar

Vinkraftpersonar Merete Haugsdal

Avgjerd etter sommaren

Underdirektør Tollef Taksdal i Olje- og energidepartementet seier det gjer inntrykk at folk stiller i bunad for å markere synet sitt. Under synfaringa ser dei både på terrenget og korleis anlegget er planlagt, og skal lytte til lokale meiningar.

Den endelege avgjerda blir ikkje teke før etter sommaren.

– Det er ei heilskapsvurdering, der alle fordelar og ulemper blir vege opp mot kvarandre, seier Taksdal.

Folkemarsj mot vindkraft i Gulen

SA NEI TIL VINDKRAFT: Folkemarsjen mot vindkraftutbygging blei arrangert då Olje- og energidepartementet hadde synfaring på Dalsbotnfjellet.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Dagleg leiar i Zephyr Olav Rommetveit har forståing for at prosjektet er omstridd.

– Prosjektet er i nasjonal samanheng av dei beste prosjekta å byggje ut. Men for dei som får det i bakgarden er det ikkje vanskeleg å forstå at det blir konfliktfylt, seier Rommetveit.

Olje- og energidepartementet skal no gå grundig gjennom saka. Dei bunadskledde har tru på at konklusjonen vil støtte deira syn.

– Eg har tru på at kloke avgjerder til slutt vinn fram, seier Hantveit.