Budde på hytta – no kan dei måtte punge ut

To personar blir politimelde for å ha vore på ei hytte i Luster. Gjennom helga har politiet fått inn fleire telefonar om folk som bryt hytteforbodet.

Politi

UTE PÅ TUR: Dette biletet blei tatt av ein patrulje i Vest politidistrikt førre helg. Då var dei ute for å sjå til at alt stod bra til i både hyttefelt og industriområdet.

Foto: Politiets nettpatrulje - Vest

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Hyttefolk tar ein større del av politiloggane enn til vanleg.

Frå Luster i Sogn fekk politiet melding om to personar som hadde vore på ei hytte over lengre tid. Det var Porten som først melde saka.

Politiet reiste ut til hytta, og politibetjent Kristian Algrøy-Vegrheim seier at personane hadde vore på hytta i nær to veker.

No blir saka meld og sendt til jurist.

– Det blir føring opp mot hytteforbodet, og vil fort bli førelegg, seier Algrøy-Vegrheim til nettavisa.

Personane fekk beskjed av politiet om å reise heim.

Hytteforbodet er ein del av regjeringa sine tiltak mot koronaviruset, og eit brot på forbodet kan bli straffa med eit førelegg eller fengsel.

– Det burde ikkje vore naudsynt at politiet må passe på vaksne folk, seier Arne Johannessen, som er politisjef i Sogn og Fjordane.

Han er uroa for at fleire kjem til å bryte hytteforbodet.

– Det er grunn til uro når vi ser ein auke. Alle må respektere reglane som gjeld. Då slepp vi folk som irriterer seg og ringer politiet, seier Johannessen.

Skilt i Ullensvang kommune

HYTTE: I Ullensvang i Vestland står det klart og tydeleg at hytteeigarar som bur i andre kommunar må halde seg heime.

Foto: Privat

Spente på påska

– Vi er spente på korleis påska blir, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund.

Denne helga har dei fått inn kring ti meldingar relatert til hytteforbodet.

Laurdag kveld reiste ein politipatrulje til ei hytte i Sogndal etter tips frå ein innringar. På hytta var det ein person som lova å reise frå hytta på sundag.

– Folk ringer inn og seier det er lys eller aktivitet. Vi må ha konkrete tips før vi reiser ut og bankar på dørene til hytteeigarane, seier Hellesund.

Operasjonsleiaren seier at politiet prøver å løyse desse oppdraga over telefonen, og at nokre av hytteeigarane kan ha gode forklaringar på kvifor dei er på hytta.

I Innlandet politidistrikt har det kome inn seks meldingar om hytteforbodet det siste døgnet, skriv avisa Glåmdalen.

I Sør-Øst politidistrikt er den klare beskjeden at hytteoppdrag i utgangspunktet ikkje vert prioriterte. Dei oppmodar hytteeigarane om å lytte til styresmaktene.

Status Norge

Sist oppdatert: 30.05.2020
8425
Smittet
28
Innlagt
237
Døde