Oppdatert søndag ettermiddag: Det er gult farevarsel for mykje lyn og torevêr søndag ettermiddag. Det vil vere store lokale skilnader i intensitet. Farevarselet for styrtregn på deler av Vestlandet er kansellert, melder Meteorologane på Twitter. Farevarselet gjeld fram til klokka 22 i kveld.
Det blei sendt ut farevarsel på både lyn og styrtregn denne helga. Det er varm luft frå sør, samstundes med ustabile luftmassar som kjem inn frå vest, som er årsaka.
– Dette gjeld spesielt Vestland og indre strok av Nord-Norge, men også på Austlandet kan dette merkast, seier statsmeteorolog Pernille Borander.
Ho oppmodar folk om ikkje gå i fjellet når det lynar og tordnar.
– Hald deg unna opne sletter, og ikkje ver det høgaste punktet. Det kan også bli problem med straumforsyninga.
Det mørkeblå området viser at det mest sannsynleg vil lyne her. Det lysare blå tyder at det er sannsynleg at det vil lyne.
Foto: Meteorologisk instituttStore lokale skilnader
Elles blir helga prega av lite vind, men det kan bli tåke langs kysten.
– Men det er lyn, tore og regn som er utfordringa denne helga, seier ho og oppmodar om å følgje med på farevarsla på yr.no.
Flaumfare i fjellet
Og det er ei helg med andre farevarsel. Det er flaumfare i høgfjellet både i Sør- og Nord-Noreg. Årsaka er varmare ver som vil gi betydeleg snøsmelting. Nokre stader i fjellet er det også venta ein del nedbør, melder varsom.no.
Neste veke blir det framleis ustabilt ver, og Borander kallar det ein «kamp mellom høgtrykk og lågtrykk».
– Det ser ut som til framleis vil vere høgtrykk i aust og lågtrykk i vest. Dette gjer det ustabilt, men varmen vil halde seg eigentleg i heile landet. Sånn sett held sommaren seg, men med ustabilt bygevêr, seier ho.