Hopp til innhold

Rapparen Vågard Unstad er død

Bergensrapparen frå gruppa A-laget har gått bort. Unstad vart 36 år gamal.

Vågard Unstad

PIONER: Vågard Unstad er rekna for å vera ein heilt sentral skikkelse i det bergenske hiphop-miljøet i mange år.

Bergens Tidende og Bergensavisen melder laurdag at bergensrapparen Vågard Unstad er død. Det får dei bekrefta av familien, gjennom manager Leo Ajkic.

Unstad vart 36 år gamal.

Han er rekna for å vera ein pioner i det bergenske hiphop-miljøet, som han har vore ein del av heilt sidan tenåra, skriv BT.

Vågard Unstad opptrer på G-Fest i Bergen i 2018.

RAPPAR: Vågard Unstad vart 36 år gamal. Her opptrer han på G-Fest i Bergen i 2018.

Foto: Gonzales Photo/Jarle H. Moe / Gonzales Photo

Raphistorikar: – Ein av 2000-talets største

Unstad starta A-laget tilbake i 2006, saman med Girson Dias og Petter Sundby (Store P).

Seinare var Unstad sentral i å bygge opp det bergenske selskapet NMG/G-huset, som har fungert som ein paraplyorganisasjon for andre bergensrapparar.

Laurdag er det fleire som minnast Unstad og hyllar han for bidraga hans til norsk hiphop-musikk.

Vågard vil stå att som ein av 2000-talets store kulturpersonlegdomar frå Bergen. Han fortener å få ei gate eller ein plass oppkalla etter seg, seier raphistorikar og forfattar Øyvind Holen til BT.

– Dette er ufatteleg trist, seier programleiar i Musikkrommet på NRK, Sandeep Singh.

– Vågard var ein pioner. Det var ikkje mange som dreiv med rap som høyrde på melodiøs, mørk, sørstats-rap når han dukka opp. Men han gjorde det og knakk koden til å gjera norsk rapmusikk melodiøs, seier Singh til NRK.

Han skildrar Unstad som ein artig, raus og inkluderande fyr.

– Det var alltid hyggeleg å møte Vågard, uansett setting. Dønn kjapp i replikken, alltid eit lurt smil og heile vegen smarte blikk på tinga rundt han. Bergen har mista ein ekte legende og det må reisast ein statue av han i Sandviken, seier trommeslagar og programleiar Tarjei Strøm til BA.

«Tjommi med stor T»

Vågard Unstad vaks opp i Sandviken i Bergen og vart medlem i buekorpset Mathismarkens Bataljon i 1991. Dei skriv på Facebook at «Vågard var synonymt med god stemning».

– Han var det du kaller en Tjommi med stor T. Vågard vil bli dypt savnet. Vi lyser fred over hans minne, skriv dei i innlegget.

A-laget gav ut to album og fleire singlar, opptredde på South By South West-festivalen i USA, samt varma opp for Snoop Dogg og The Game.

Det nasjonale gjennombrotet kom i 2010 og i 2012 fekk dei svært gode kritikkar for EP-en D E D D Gåri. A-laget samarbeida tett med John Olav Nilsen og Gjengen, Fjorden Baby! og Lars Vaular.

Unstad har også jobba som programleiar i NRK, for impro/humor-showet «Spill meg». Han var også med å starte opp nattklubben og konsertscena Klubb Kok i Bergen.

Spill meg

PROGRAMLEIAR: Vågard Unstad var programleiar for improshowet «Spill meg». Her han (til høgre), saman med Veslemøy Mørkrid, Frode Bjorøy, Leo Ajkic og Torgny Aanderaa.

Foto: NRK