Hopp til innhold

BT: Politikarar og innbyggarar protesterer mot hamneplanar på Flesland

Kystlinja ved Flesland snøggbåtkai kan bli heimen til både danskebåten og englandsbåten, dersom Bergen Havn får det som dei vil. Det skriv Bergens Tidende. Avisa har møtt bystyrepolitikar Thomas Flesland (Sp) og fleire lokale bebuarar som no protesterer mot desse planane.

– Vegen ut hit er ikkje dimensjonert for godstrafikk og reisande med danskebåten, seier den lokale bebuaren Guttorm Ramsvik.