Hopp til innhold

BT: Lege kan ha tent pengar på ulovleg vaksinering

Fylkeslegen opnar tilsyn etter at ein legevikar i Bergen skal ha tent pengar på å vaksinera folk som ikkje var i risikogruppa i mai.

BioNTech-Pfizer

VAKSINE: Ein legevikar i Bergen skal ha brote fleire retningsliner knytt til vaksinering i mai.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Det skriv Bergens Tidende tysdag kveld.

Ifølgje avisa skal Bergen kommune i vår ha motteke ei bekymringsmelding om at ein legevikar braut fleire av rutinane rundt koronavaksinering.

Legevikaren skal ha vaksinert folk på parkeringsplassen, teke med seg 22 tomme Pfizer-hetteglas heim og sendt heim pasientar som var kalla inn å få overskotsdosar.

Kommunen varsla fylkeslegen, som har oppretta tilsynssak.

– Dette gjeld alvorlege skuldingar mot helsepersonell. Saka er høgt prioritert, seier Katarina Aarsnes, juridisk rådgjevar hos Statsforvalteren i Vestland til BT.

Dette skal ha skjedd i mai, då berre eldre aldersgrupper og pasientar med underliggjande sjukdomar hadde tilbod om å få vaksine.

Pfizer vaksineglass

HETTEGLAS: Vikarlegen skal ha teke med seg 22 tomme Pfizer-hetteglas heim.

Skal ha vaksinert på parkeringsplass

Avisa skriv også at kommunen skal ha fått opplysningar om at legen kan ha tent pengar på å vaksinera personar utanfor risikogruppa.

Det er noko av det fylkeslegen vil undersøka.

Legen skal ha teke med seg koronavaksinar ut på ein parkeringsplass, der har gav dosane til personar i bilar tidleg om morgonen, før planlagt vaksinering ved kontoret.

Bergen kommune opplyser til BT at det er uvisst kven som fekk dosane.

Til NRK seier kommunen at dei heller ikkje veit kor mange dosar det evetuelt er snakk om.

Ville samla på glasa

Vikarlegen skal ha forklart at det var naturleg å setja vaksinedosane på parkeringsplassen, då det blei gjort av omsyn til nødvendig plass på legekontoret.

Legen skal ha bedt legesekretæren ved kontoret om å ikkje fortelja nokon om dei 22 tomme Pfizer-hetteglasa han skal ha teke med seg.

Ifølgje BT er kommunen sine retningsliner at tomme hetteglas skal destruerast.

Legen skal ha forklart at han ville samla på glasa då han vart konfrontert. Tidlegare skal han ha spurt nokon på legekontoret om det kunne vera brukbare dosar att i dei tomme glasa.

Grunnen til at han sende heim pasientar som var kalla inn for å få overskotsdosar, var at dei ikkje var i risikogruppa.

– Jobbar ikkje lenger hjå oss

Nils-Petter Borge, direktør for etat for helsetenester i Bergen, seier til BT at dei ser på dette som alvorlege brot på deira rutinar.

– Då er det vår plikt å melda dette vidare til tilsynsmyndigheita, i fyrste omgang fylkeslegen. Så vurderer ein vidare om saka går til Helsetilsynet for ytterlegare undersøkingar, seier Borge til NRK.

– Har det vore nokre kontrollrutinar for å sjekka at ikkje vaksinedosar har forsvunne?

– Det er kontrollrutinar. Dette førast det eit veldig nøye rekneskap på.

Men det er framleis mogeleg at det kan gleppe?

Dette er tillitsbasert. Når ein gir ut noko til ein lege, har me tillit til at fastlegane våre vaksinerer dei dei faktisk skal vaksinera, og ingen andre, seier Borge.

Ifølgje han er dette eit enkeltståande tilfelle i kommunen.

– Legen det er snakk om jobbar ikkje lenger hjå oss, seier styreleiaren ved legekontoret der dette skal ha skjedd, til avisa.