Hopp til innhold

KrF går ut av byrådet i Bergen

KrF meiner byrådet prioriterer skattebetalarane sine pengar feil. Det skjøre mindretalsbyrådet blir no endå skjørare.

PRESSEKONFERANSE: KrF trer ut av byrådet i Bergen.

KrF går ut av bystyret i Bergen. Det stadfestar dei på ei pressekonferanse måndag føremiddag.

Under pressekonferansen minna KrF sin gruppeleiar i bystyret, Håkon Pettersen, om at det hadde vore stor avstand mellom dei fire samarbeidspartia Ap, V, MDG og KrF, og at det var ein av grunnane til at dei har hatt ein krevjande politisk kvardag.

– Det blir ført ein for detaljorientert og rigid byutviklingspolitikk, det blir arbeida for mindre mangfald innan velferdstenestene, og me ser at det i mange tilfelle er det KrF meiner er ei feil prioritering av skattebetalarane sine pengar, seier Pettersen.

I tillegg meiner Pettersen at arbeidet har blitt gjort enno vanskelegare av at byrådet ofte har måtta samarbeida med Raudt og SV for å fleirtal i bystyret.

Retninga er blitt ein annan enn det KrF kan gå god for. Vår konklusjon er då at me ikkje kan gå til val på dagens byrådskonstellasjon ved kommunevalet om eit drygt år.

Orientering om nye smittevernstiltak og smittesituasjon.

HELSEBYRÅD: Beate Husa har vore helsebyråd for KrF i Bergen sidan 2019. No går ho av. Her frå ein av dei mange koronapressekonferansane til byrådet i Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Ser framover

– Eg har vore ein del av eit byråd med dyktige og dedikerte byrådar. Det har vore kjekt og lærerikt, seier Beate Husa.

Husa har vore byråd for helse, eldre og frivilligheit, og KrF sin einaste byråd. Ho vart for mange eit kjent fjes under dei mange koronapressekonferansane i Bergen.

– No ser KrF framover. Me har ei stolt historie i Bergen, men me har og mykje ugjort, seier Husa. KrF ynskjer å føra ein politikk som tar vare på dei små fellesskapa.

Sosialbyråd Ruth Grung (Ap) vil ta mellombels ta ansvaret for byrådsavdelinga som Beate Husa har leia.

Roger Valhammer

Roger Valhammer haldt pressekonferanse klokka 11.

Nytt byråd torsdag

– Eg har sidan februar i år vore kjend med at KrF har hatt interne diskusjonar om korleis dei skal klara å løfta si eiga oppslutning, seier byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) i ei pressemelding.

Klokka 11 haldt han pressekonferanse om KrF-exiten. Han seier han forstår at KrF har gjort som dei har gjort, mellom anna fordi han skjønar dei har behov for meir oppslutning.

– Eg har vore budd på at dette kunne vera utfallet ei god stund. Samstundes skulle eg ynskja dei ville vera med vidare, seier Valhammer.

Byrådsleiaren ytrar ikkje bekymring for å ikkje få fleirtal i tida framover. Der dei fire byrådspartia ofte har måtta henta støtte hjå to parti, må dei tre noverande byrådspartia henta støtte hjå to eller tre.

– Eg trur det skal gå bra. Me har flinke folk på bystyresida som er gode på å finna breie fleirtal og eigentleg snakka med alle partia.

Det nye byrådet blir presentert torsdag, opplyser Valhammer.

Roger Valhammer snakkar om KrF-exiten

STØRRE MINDRETAL: Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) har styrt eit mindretalsbyråd sidan 2019. No blir byrådet eitt parti fattigare.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

MDG har opplevd godt samarbeid

Miljøbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) er ein av dei som mistar Husa som kollega i byrådet.

Han seier MDG har opplevd å ha hatt eit godt samarbeid med KrF om å gjera byen grønare og meir inkluderande.

– Me skal fortsetja å følgja opp byrådsplattforma for å gjera Bergen til ein best mogeleg by for klimaet, naturen, barna og dei som har minst i byen vår, seier Bakke.

Per Arne Hvidsten Larsen og Thor Haakon Bakke

Finansbyråd Per-Arne Hvidsten Larsen (V) og miljøbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) er ikkje lenger kollegaar med Beate Husa i byrådet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Frå skjørt til skjørare

Byrådet i Bergen har bestått av eit mindretalsbyråd med partia Arbeidarpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne, Venstre og KrF.

Til saman har dei fire partia 25 av dei 67 representantane i bystyret. Dei manglar altså ni stemmer frå minst to parti for å få fleirtal for sine saker i bystyret.

Når KrF trekker seg frå samarbeidet, blir byrådets situasjon endå skjørare. Då har dei tre attverande byrådspartia berre 23 bystyrerepresentantar. Dermed manglar byrådet 11 stemmer på å ha bystyrefleirtal, og treng «hjelp» av minst tre andre parti.

Møter søndag kveld

Ifølge Bergens Tidende var KrF i møter søndag kveld. Her skal det vore brei semje om å trekke seg ut av byrådet.

Etter det skal dei ha orientert byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) om avgjerda. Tidlegare i sommar skreiv BT at både KrF og Venstre opp for å samarbeide med Høgre etter lokalvalet neste haust.

Gruppeleiar Pettersen vil under dagens pressekonferanse ikkje seia tydeleg kven dei vil samarbeida med.

– No skal KrF laga program, setja saman ei god liste og fronta vår politikk. Så vil me kjempa for mest mogeleg gjennomslag for vår politikk.

SVs Mikkel Grüner uttalte tidlegare i sommar at han er open for forhandlingar med byrådet, men han rekna det som lite sannsynleg å bli invitert inn i byrådet. Etter lokalvalet vraka Ap eit byrådssamarbeid med SV.