Hopp til innhold

Ho jobbar i kommunen som brukte mest på vikarbyrå

AURLAND (NRK): I fjor brukte norske kommunar ein milliard kroner på vikarbyrå og kjøp av tenester frå private aktørar i helsevesenet. Mest av alle brukte vesle Aurland i Sogn.

Sjukepleiar Ragnhild Låven Brekke

SJUKEPLEIAR: – Hundre prosent og faste stillingar. Så har løn mykje å seie, og at ein får utvikla seg fagleg, seier Ragnhild Låven Brekke om korleis ein skal rekruttere fleire sjukepleiarar.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Kommunen med 1700 menneske brukte mest per innbyggjar, i alt 18 millionar. Likevel føler dei tilsette at dei ikkje strekk til i hektiske periodar.

– Det kan vere hektiske periodar der vi har mykje å gjere, då kjenner eg at eg ikkje strekk til. Spesielt på kveldsvakt når vi er aleine, seier Ragnhild Låven Brekke.

Ho er sjukepleiar på heimebasert omsorg i Aurland. I det daglege går det stort sett bra med fem tilsette, men i periodar skulle ho ønskje dei var fleire på arbeid. Samstundes tilsett ikkje Aurland fleire sjukepleiarar.

Kommunen brukar i staden pengar på å kjøpe inn helsetenester frå private aktørar og vikarbyrå, også utanfor kommunen. Det var ikkje Brekke klar over.

– Det visste eg ikkje. Det hadde heilt klart vore fint å ha fleire tilsette å lene seg på, seier ho.

Det er dei mindre kommunane som toppar statistikken over pengebruk per innbyggar. Fire av desse kommunane ligg i Sogn og Fjordane. Troms fylke har to kommuner på topp ti. Resten høyrer til Hordaland, Buskerud, Nordland og Finnmark.

– Vi har ikkje vore flinke nok

Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H), er ikkje nøgd med at dei ikkje har tilsett fleire. Dei arbeidar med konkrete tiltak, men 2018 er snart ferdig og dei har framleis ikkje kome fram til kva dei faktisk skal gjere.

Ordførar i Aurland kommune

MÅ BLI BETRE: Ordførar i Aurland kommune Noralv Distad er ikkje nøgd med at dei har gått ned tilsette sjukepleiarar i kommunen.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

– Dette er noko vi har vore merksam på lenge. Vi har ikkje vore flinke nok til å rekruttere. Vi må prioritere dette i budsjetta framover, seier ordførar Noralv Distad

Aurland ligg på topp over kommunane som brukte mest per innbyggjar på kjøp av helsetenester frå private aktørar.

– Vi har fått fleire brukarar som krev tilpassa tilbod. Då har vi måtta kjøpe tenester av private aktørar fordi vi ikkje klarar å ta hand om dette sjølv, seier rådmann Steinar Søgaard.

Overraska over pengebruken

– Vi stiller spørsmål ved pengebruken i norske kommunar, det er underleg at kommunar lyser ut deltidsstillingar samstundes som dei brukar mykje pengar på vikarinnleige, seier Oddgeir Lunde fylkesleiar i sjukepleiarforbundet i Sogn og Fjordane.

Han er overraska over den store pengebruken.

Lunde meiner betre løn og betre arbeidsvilkår er viktig. Det er mange som føler på eit stort arbeidspress, dei strekk ikkje til i kvardagen.

– Det fører også til at mange sjukepleiarar sluttar i jobben sin etter 10 år, fordi dei føler dei ikkje får gjort ein god nok jobb, seier Lunde.

Ordførar Distad er einig i kritikken til Lunde og seier til NRK at dei mellom anna vil samarbeide med nabokommunane for å gje eit best mogleg tilbod.