Hopp til innhold

Brukte mange timar på å rydda opp etter trafikkulukke

To vogntog og ein personbil var involvert i ei ulukke på rv. 5 ved Vatnasete i Sogndalsdalen natt til onsdag.

– Eit vogntog skal ha sklidd og komme på tvers av vegen. Deretter køyrde ein personbil inn i vogntoget, seier operasjonsleiar Tom Johannessen i Vest politidistrikt til NRK.

Deretter har det komme ein lastebil som har køyrt inn i dei to andre køyretøya.

– Personen i bilen vart teke med til legevakt for sjekk. Utover det skal det ikkje ha oppstått personskadar, seier operasjonsleiaren.

Vegen vart stengt klokka 00.46, og først 03.26 var det rydda opp igjen.

– Det var mykje jobb å få vekk køyretøya. Me måtte mellom anna ta i bruk vinkelkuttar, seier Johannessen.

Det skal ha vore glatt på staden.