Hopp til innhold

Brukte klokke som slagvåpen

Fjordane tingrett har dømt ein mann i 20-åra til fengsel i 75 dagar for vald mot ein annan ungdom.

I fjor sommar kom dei to i klammeri etter besøk på ein utestad. Retten har funne det bevist at den dømde slo til den fornærma etter å ha tredd ei klokke med skarpe kantar rundt knokane på handa si.

Han sparka også til den fornærma medan denne låg nede.

«Stort skadepotensial»

Den fornærma vart ikkje alvorleg skadd, men retten meiner at det er heilt tilfeldig. Å bruke klokka som slagreiskap ved knyttneveslag mot hovudet har stort skadepotensial, står det i dommen.

Den dømde mannen meiner at handlinga hans ikkje kan karakteriserast som grov kroppskrenking. Det byggjer han på det han har fått høyre frå andre. Sjølv hugsar han ikkje hendinga.

I tillegg til fengsel i 75 dagar er mannen dømd til å betale sakskostnader på 4000 kroner.