– Nei, det var kjekt å prøve seg, men det vart i meste laget, seier Tore Hillersøy.
Som den einaste i landet har han dei to siste åra fått løyve til å fiske etter makrellstørje eller tunfisk. Den eksklusive fisken er særs ettertrakta på den japanske marknaden. Etter mislukka fiske i 2014 kunne dei denne veka drage i land 190 eksemplar, fortalte han avisa Firda laurdag.
– Vi har halde på sidan midten av august, men så var det ein periode med stygt vêr, så då kunne vi ikkje halde på. No har vi køyrt i ei veke og sett bra med fisk, men den er så vill at det har vore vanskeleg å få tak på den, men vi klarte det no, seier kapteinen om storfangsten utanfor Ålesund.
Krevjande fangst
Mannskapet på sju kasa nota over bord i 7-tida på kvelden, og eit halvt døgn seinare hadde dei endeleg klart å få den strabasiøse lasta om bord i båten.
– Vi sløya fisken etter kvart som vi tok den om bord. Det var ingen lett jobb. Vi var mest opptekne med å få gjort jobben, så etter det var vi ikkje gode til å snakke med kvarandre eller noko, då var det berre å kome seg mot land.
- Les også:
- Les også:
Og heller ikkje lossinga av fisken er gjort i ei handvending. Heile søndag har gått med til å få fisken inn på land, og heile måndag vil også gå med. For det er ingen lettvektarar av dei 190.
– Dei største er opp mot 300 kilo, men det ligg på kring 220 til 230 kilo. Det er mykje fisk som skal av garde, og den skal sendast ut så snart som råd. OM vi får noko for det veit vi ikkje, seier han og legg til at han håpar på 12 kroner kiloen, men blir glad om han får meir.
Ivrige skodelystne
Og mykje tyder på at det blir større inntekter enn som så. Enkelte eksemplar har blitt selde for millionar av kroner, men Hillersøy er veit ikkje kva utbytet blir.
– Marknaden er gunstig blir vi fortalt, og denne fisken er feitare enn det dei får på line og slikt i Japan.
Etter at den sjeldne og svære fangsten vart kjent har det strøymt til med skodelystne til kaia i Florø.
– Vi har feira i heile dag, med ei kake som såg ut som ei størje, og spandert på alle. Eg veit ikkje kor mange som har vore her, men det er mange, seier Hillersøy.