Bruksforbod for to bussar

Ved ein kontroll i Flåm i dag fekk to utanlandske bussar bruksforbod på grunn av manglande løyve for persontransport. Ein bussjåfør frå Litauen vart pålagd å ta vekekvila si i Flåm før han får køyre vidare. Ein buss som vart avskilta laurdag hadde i ettermiddag fått påmontert nye estiske skilt. Dette vart fjerna av Statens vegvesen, som har montert hjullås på bussen.