Hopp til innhold

Brukar store ressursar på å redde utrente fjellfolk

Politiet og Røde Kors brukar store ressursar på å hente ned folk frå fjellet som har vondt i føtna eller som feilreknar tida. – Me er litt uroa for at fleire og fleire av leiteaksjonane viser seg å vere unødvendige, seier politibetjent og leiar i Odda Røde Kors.

– UNØDVENDIGE OPPDRAG: Politiet og Røde Kors blir kalla ut til stadig fleire leiteaksjonar for å hjelpe folk som er dårleg kledde eller slitne. – Det går dessverre ein del unødvendige ressursar til dette, seier politibetjent og leiar i Odda Røde Kors, Svein Buer.

Foto: Svein Ulvund

Me brukar Røde Kors-mannskap og politiets ressursar på fleire og fleire unødvendige oppdrag

Svein Buer

Bergutspringet Trolltunga «henger» ca. 700 meter over Ringedalsvannet i Skjeggedal i Odda kommune. Ei spektakulær utsikt trekker både norske og utlandske turistar, men politiet og hjelpeorganisasjonane er frustrerte fordi dei no vert kalla ut på stadig fleire leiteaksjonar for å hjelpe folk som er slitne eller dårleg kledde.

– Folk har kanskje litt vondt i føtene og feilberekna tida. Det er eit tankekors at mange av desse leiteaksjonane er unødvendige, seier Svein Buer, politibetjent i Hardanger politidistrikt og leiar i Odda Røde Kors.

Han seier mykje ressursar og tid går med på å reise ut for å hjelpe folk som eigentleg ikkje treng hjelp eller som har førebudd seg for dårleg til turen.

– Me er litt uroa for alle desse unødvendige aksjonane. Me brukar Røde Kors mannskap, og politiets ressursar på stadig fleire slike oppdrag.

– Tynne kle og joggesko på snøen

Svein Buer

KREV RESSURSAR: – Mykje ressursar og tid går med på å reise ut for å hjelpe folk som eigentleg ikkje treng hjelp eller som har førebudd seg for dårleg til turen, seier politibetjent og leiar i Odda Røde Kors, Svein Buer.

Foto: Egil Torheim

Som NRK skreiv tidlegare i sommar, får Turistforeningen besøk av mange som heilt klart ikkje er budde på tur på høgfjellet.

– Dei har ofte for tynne klede, og gjerne joggesko oppe i snø. Det verste er kanskje sandalar, seier Helene Odven som er dagleg leiar i Turistforeningen.

For dårleg utstyr fører til leiteaksjonar som kan ta ressursar frå andre politisaker, seier Buer.

– Som regel er me to på vakt, i alle fall på ettermiddag og kveld. Må me ut på slike oppdrag, blir andre oppdrag lagt på vent, og det går ut over andre saker.

Han seier at dei dei siste åra berre har vorte kalla ut på eit par oppdrag som syner seg å vere reelle, det vil seie situasjonar der folk faktisk har behov for hjelp.

– Mange avtaler å ringe og gje beskjed når dei kjem frå på fjellet. Men det er veldig dårleg mobildekning der. Så blir folk heime redde fordi dei ikkje får kontakt med personen, og så set det i gong leiteaksjonar som er heilt unødvendige.

– Folk må vere forsiktige med å avtale at dei skal ringe dersom dei skal til eit område utan dekning, seier Buer.

Hordaland har flest redningsaksjonar i landet

Gustav M. Landro

UNØDVENDIGE AKSJONAR: – Merkeleg nok har folk forventningar om å bli flydd heim fordi dei er trøytte, seier Leiar for operativ eining i Hordaland politidistrikt, Gustav Landro.

Foto: Steinar Nedkvitne

Hittil i år har politiet i Hordaland rykka ut til 47 redningsoppdrag. Ein stor del av desse aksjonane er knytt til å redde personar som ikkje kjem seg heim frå fjelltur, skriv BA.no i dag.

Tal frå Hovudredningssentralen syner at Hordaland-politiet totalt hadde 43 redningsoppdrag i fjor. Det gjer Hordaland til det distriktet med flest redningsaksjonar i heile landet.

Leiar for operativ eining i Hordaland politidistrikt, Gustav Landro, stadfestar til BA.no at politiet brukar meir tid enn før på å redde personar som er lite fjellvande.

Han seier rekninga på eit slikt oppdrag kan komme opp i fleire hundre tusen kroner. Eit Sea King helikopter som er i lufta i fire timar, kostar 200.000 kroner. I tillegg kjem kostnader til anna utstyr og mannskap.

– Merkeleg nok har folk forventningar om å bli flydd heim fordi dei er trøytte. Det har hendt at politiet får telefonar frå turgåarar som står fast i ein skog i nærleiken av Os sentrum. Dei kan ikkje norsk, veit ikkje kvar dei er, og er redde. Då kan me ikkje berre seie at dei skal klare seg sjølv. Når me brukar tid på sånt, meiner eg at me brukar ressursane feil, seier Landro.

– Kan ikkje rekne med at andre skal ta hand om ein

Å gå Trolltunga er ein svært krevjande tur. På kartet ser det kort ut, men det er mykje stigning, og heller ingen plassar å melde seg på veg opp.

LES OGSÅ: Turist filma Trolltunga med drone

Preikestolen ved Trolltunga

TROLLTUNGA: Bergutspringet Trolltunga «henger» ca. 700 meter over Ringedalsvannet i Skjeggedal i Odda kommune.

Foto: Håvard Fandrem / Flickr

– Det er mykje dårleg utstyr, og mange feilreknar tida. Det tek mykje lengre tid enn folk trur, og det blir fort mørkt på dei. Men ein kan ikkje berre rekne med at andre skal ta hand om ein, seier Buer.

Når politi og hjelpeorganisasjonar stadig blir kalla ut på oppdrag som syner seg å ikkje vere reelle, så gjer det at ein til slutt ikkje forventar at det skal vere alvorleg, seier politibetjenten og leiaren i Odda Røde Kors.

– Det er litt «ulv, ulv» over dette. Etter kvart får ein kanskje ei innstilling om at det truleg ikkje er alvorleg.

Buer seier Odda kommune og reiselivet er i gong med å skilte området betre, noko som kan hjelpe. Men han har og ei oppmoding til folk som legg ut på tur i fjellet.

– Ikkje stol på mobiltelefonen. Og ha gjerne litt is i magen. Følg Fjellvettreglane, og snu i tide dersom du blir trøtt.

LES OGSÅ: Snart kan du måtte reservere for å stå her