Brukar pasientar i sjukehusstriden

Hans Johan Breidablikk meiner pasientane vert misbrukte i debatten om det omstridde ortopedivedtaket.

Sentralsjukehuset i Førde.
Foto: Oddleif Løset / NRK

- Det er like lang ventetid ved lokalsjukehusa som ved sentralsjukehuset. Pasientane vert unødig uroa, og brukt i spelet om ortopedivedtalet, seier fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablikk.

.

Nordfjord sjukehus
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mange klager

Leiinga i Helse Førde er no opptrekte etter fleire saker den siste tida der pasientar og pårørande klagar på at dei har måtte vente lenge på behandling.

- Det finst ikkje noko konkret som syner at det er lenger ventetid i Førde enn på Eid. Det er synd at enkeltapsientar vert feilinformert, og at helsepersonell sår uro hjå pasientane, seier Breidablikk.

Denne veka har det kome fram at ei 84 år gamal dame måtte vente nær eitt døger på å bli operert etter eit lårhalsbrot. Dette er fjerde saka på kort tid der pasientar klagar på lang ventetid.

Helse Førde har bestemt at alle pasientar som treng narkose etter akutt beinbrot skal opererast i Førde, trass i at legane på Nordfjordeid kan og ynskjer å operere.

Skapar unødig uro

Tal frå Helse Førde viser at gjennomsnittleg ventetid er 1,03 døger i Førde, 1,06 på Nordfjordeid og 0,54 i Lærdal.

Talet i Lærdal er vesentleg lågare, også fordi talet på akutte pasientar har vore lågt.

Breidablikk vedgår samstundes at ventetida vil verte forlenga når pasientar først må undersøkjast, og så sendast i ambulanse frå Nordfjordeid til Førde. Men han meiner dette har lite å seie.

- Når fagpersonar sår uro og misnøye, vert det feil. Og eg meiner enkeltpasientar har fått for mykje plass i debatten.

Avviser kritikken

- Vi kan gjerne diskutere med Helse Førde kva den enkelte lege har uttalt i debatten, men vi har svart når vi er vorte spurte. Breidablikk må adressesere kritiken til dei det gjeld. Og det er media som er komne til oss, ikkje omvendt, seier kommunelege i Eid, Thomas Vingen Vedeld.

Han avviser dermed kritikken om at fagpersonar har bore ved til bålet, og synest det er rart at Helse Førde ikkje har kome til legane for dialog.

- Helse Førde har ikkje synleggjort godt nok kvifor vedtaket er blitt gjort overfor fagfolk eller folk flest. Vi vil behandle pasientar og gjere det som best for dei til ei kvar tid. I den konkrete saka eg har vore involvert i, meiner eg framleis at det beste for pasienten ville vere å få behandling på Eid, seier Vingen Vedeld.

Veit ikkje om tal

Vingen Vedeld seier han ikkje kjenner tala i detalj.

- Eg kjenner ikkje tala i detalj, men har ingen grunn til å tvile på tala Helse Førde har lagt fram. Det sentrale må uavhengig av dette vere at det finst fagleg gyldige argument som rettferdiggjer meirbelastninga ved å sende pasienten til Førde.

Støttar helseføretaket

Truls Jellestad
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Overlege i ortopedi ved Lærdal sjukehus, Truls Jellestad, er misnøgd med debatten fordi han meiner at akutt ortopedi er mindre viktig for lokalsjukehusa.

- Vi må setje dette i ein samanheng. Her i Lærdal har vi i løpet av to veker hatt to beinbrot. I løpet av ei veke har vi hatt over 200 pasienter med akkutte behov, seier Jellestad.

Overlegen trur at mange gløymer det som eigentleg er viktig.

Han nemner mellom anna indremedisin, diagnostikk, stabilisering, røntgen, og seier dette er viktigare enn ortopedi.

- Eg støttar ortopedivedtaket, men eg har stor forståing for at folk kjempar for lokalsjukehusa sine.

- Aksepter diskusjonen

Jellestad meiner at folk må akseptere at dette er ein fagleg diskusjon.

- Eg forventar ikkje at alle er einig med meg, men eg har funne gode argument for kvifor vedtaket vart gjennomført.

No ber han fagpersonane i Nordfjord om å verte meir framtredande i debatten.