Hopp til innhold

Brukar millionar på å utbetra «flaskehalsar» – denne muren får det glatte lag

Dei skulle endeleg få breiare veg. Men nokre få meter blei ståande igjen. – Dette heng ikkje på greip, seier grunneigar.

Alf Storaas, grunneigar ved Rykkje

KRITISK TIL VEGUTBETRING: Vegen er blitt breiare eit lite stykke, men får ei innsnevring akkurat ved busshaldeplassen. – Det blir farlegare for skuleungane som står og ventar på bussen, seier Alf Storaas

Foto: Tale Hauso / NRK

Torsdag stengde den trafikkerte og rasutsette E16 mellom Bergen og Voss på nytt. På fem år var stamvegstrekninga mellom landets to største byar stengd over 200 gonger.

Då blir trafikken dirigert inn på smale vegar gjennom Hardanger, som ikkje er dimensjonert for trafikkmengda. Spesielt ille er det mellom Øystese og Granvin, der vegen knapt har gul midtstripe.

Difor har Vestland fylkeskommune sett i gang utbetring av fleire flaskehalsar. I løpet av tre år skal dei bruka 46 millionar kroner på dette.

Naboane fryktar ulykker

Ein av plassane er Rykkje i Kvam herad, på fylkesveg 79, der om lag to millionar kroner er brukt.

Mur langs fv. 49 ved Rykkje

INNSNEVRING: Vegen får ei innsnevring på motsett side av busshaldeplassen. Vestland fylkeskommune meiner det vil bli betre når vegmarkeringa kjem på plass.

Foto: Tale Hauso / NRK

Dei som bur i området er godt fornøgde med den vegstubben som er blitt breiare. Problemet er at utvidinga blir avslutta rett ved ein busshaldeplass.

– Dei har utvida vegen 100 meter, og så blir det ståande igjen tolv meter. Det er heilt utruleg at dei har gjort det på denne måten, seier grunneigar Alf Storaas.

Når vegen har fått ei innsnevring, fryktar dei lokalkjende at bilane som kjem susande i 80 kilometer i timen vil legga seg inn mot busslomma. Dei trur at farten aukar når delar av vegen er utbetra.

– Det blir farlegare for alle, spesielt for skuleungane som står og ventar på bussen, seier Storaas.

Han ristar på hovudet over at muren har fått den pussige knekken.

– Det er eit heilt ulogisk trafikkbilete. Eg har ikkje sett noko liknande før. Det er rart at dette ikkje er blitt stansa, meiner han.

Muren ved Rykkje

SVINGETE MUR: – Eg har ikkje sett noko liknande før, seier grunneigar Alf Storaas. Han er oppgitt og kritisk til sluttresultatet.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Blitt som bestilt

Vestland fylkeskommune har vore på synfaring på staden, og dei har notert seg ein del innspel frå bygdefolket og kommunen. Likevel er prosjektleiaren fornøgd med det som er gjort på Rykkje.

– Resultatet er blitt som bestilt. Eg kan ikkje sjå nokon grunn til at muren skal rivast, seier prosjektleiar Kathrine Løno Lahlum.

Ho påpeikar at det er avgrensa midlar til desse utbetringsprosjekta, og at ein difor ikkje kan få gjort alt ein kunne ønskja seg.

Ifølgje Lahlum har det også hatt betydning at støypekanten er bygd oppå ein eksisterande mur, og det har vore viktig at arbeidet ikkje skulle føra til stenging av vegen.

Prosjektleiaren trur at bygdefolket kjem til å bli meir fornøgde når vegbanen får tydelege, kvite markeringar på den nylagde asfalten.

– Når ein får markert veglinja vil vegen opplevast på ein heilt annan måte, seier Kathrine Løno Lahlum.

Det er ikkje noko grunneigaren vil slå seg til ro med.

– Den svingen dei har laga til her, den må vekk uansett, seier Alf Storaas.