Hopp til innhold

Brukar fleire hundre millionar på elsykkel og matsvinn

FØRDE (NRK): Elsyklar skal erstatte bilen, byggeplassar skal droppe dieselaggregat og fleire hus skal byggjast i tre. No får kommunane hundrevis av millionar til lokale klimakutt.

Christian Moltu

GRATIS ELSYKKEL: Christian Moltu har fått låne ein gratis elsykkel av Førde kommune.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg vil gjerne la vere å køyre bil, men det er vanskeleg å få til med tre små ungar. Med elsykkel har eg faktisk klart å la bilen stå når eg skal på jobb eller på butikken, seier Christian Moltu.

For tida får han låne ein elsykkel av Førde kommune heilt gratis. Dei har nemleg kjøpt inn ei rekkje elsyklar som innbyggjarane kan få søkje om å låne i ein månad.

Tanken er at folk skal få prøve ein elektrisk sykkel for å vurdere om det er noko for dei, før dei vel å bruke tusenvis av kroner.

– Vi er veldig fornøgde, for det syner seg at mange av dei som har lånt ein sykkel, nesten ikkje brukar bilen til jobb, seier prosjektleiar for sykkelbyen Førde Doris Rutledal.

Matsvinn og ladestasjonar

Elsykkelsatsinga er ein del av nye Sunnfjord kommune sin klimaplan, som dei har fått pengar frå miljødirektoratet til å utarbeide. Gjennom ei ordning som heiter klimasats gir direktoratet no ut rundt 200 millionar kroner året til kommunar som vil setje i gang små og store tiltak for å prøve å kutte utsleppa av co₂.

– Det er veldig mange forskjellige tiltak. Nokre døme er utbygging av ladestasjonar til elbil, tiltak for å kutte matsvinn, elektrifisering av byggeplassar og støtte til bruk av klimavenlege materiale i nye hus, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Klimaforskar: – Må gjere endå meir

Klimaforskar Hege Westskog ved CICERO meiner at klimasatsordninga er bra, men at ho gjerne kan bli trappa opp ytterlegare.

– Som samfunn burde vi jo sett i gang tiltak på eit heilt anna nivå for å kutte klimagassutsleppa våre. Klimasats og tiltak i kommunane er ei god byrjing.

Ho meiner likevel at den symbolske effekten av klimasatsordninga kan vere viktig.

– Det viktigaste er kanskje ikkje kor mange gram med C02 ein kuttar ved å bruke elsyklar, men den symboleffekten og den smitteeffekten det kan ha når nokre kommunar tek klimautfordringane på alvor, seier Westskog.

Ola Elvestuen

VIL HALDE FRAM: Klima- og miljøminister Ola Elvestuen vil gjerne at klimasatsordninga skal halde fram også i framtida.

Foto: Milana Knezevic / NRK

Og Elvestuen og regjeringa er ikkje framand for å gjere klimasatsordninga endå meir omfattande.

– Resultata frå klimasatsordninga er så gode, at vi vil no ta til ordet for at ordninga kan bli vidareført utover dei fem åra som først var tenkt, seier Elvestuen.

Christian Moltu føler i alle fall sjølv at han bidreg til å kutte klimagassutslepp når han brukar elsykkel til jobb.

– Eg føler at det monnar ja, og det gjer også noko med korleis eg tenkjer rundt transport når eg ikkje blir så bilavhengig.