Hopp til innhold

Brøytebilsjåfør døydde under arbeid

Den 39 år gamle brøytebilsjåføren Per Arne Ophaug frå Hemsedal omkom medan han arbeidde med snørydding på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet søndag kveld.

Brøytebil køyrde i fjellveggen på riksveg 52

I FJELLVEGGEN: Brøytebilen var på veg ned frå fjellet, i retning Borlaug, då ulykka skjedde.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Helsepersonell og politi reiste til staden etter melding om ulukka. Sjåføren vart erklært død av helsepersonell i helikopteret på veg vekk frå staden, fortel Wenche Hope ved Politiets operasjonssentral.

Meldinga om ulukka kom like før klokka 22, og vegen var stengd i fleire timar i samband med ulukka.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til hendinga, som skal ha skjedd i ein skarp sving på riksveg 52, mellom Borlaug og Breistølen. Brøytebilen køyrde i fjellveggen, og hendinga blir vidare etterforska av lensmannskontoret i Årdal.

– Det er særs små skadar på brøytebilen. Vi veit ikkje kva som har skjedd, og den avdøde blir send til obduksjon for å prøve å fastslå dødsårsaka, seier Hope.