Hopp til innhold

Harde utfall etter at forhandlingane om lakseskatt braut saman

Regjeringa la fram eit justert forslag til lakseskatt på måndag. 24 timar seinare har forhandlingane brote saman.

Havbruksanlegg for laks på Helgelandskysten

IKKJE ALLE TIL LAKS: NRK har vore i kontakt med fleire av partane som seier at avstanden «ganske enkelt er for stor».

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti har i dag forlate samtalane med regjeringspartia og SV om grunnrenteskatt på havbruk.

Tidlegare har Frp og MDG forlate forhandlingane.

Regjeringa la fram eit justert forslag til lakseskatt for finanskomiteen på Stortinget på måndag.

Ifølgje Geir Pollestad (Sp) var Ap og Sp villige til å senke skattesatsen til 30 prosent.

I tillegg omfatta skissa «ei smørbrødliste» som i sum «ville spare næringa for 3–4 milliardar kroner i skatt om dei andre partia ombestemmer seg».

Amund Hellesø (Ap) er ordførar i Nærøysund kommune og styreleiar i Nettverk fjord- og kystkommunar (NFKK).

Han meiner den siste omdreiinga gjer at heile lakseskatten bør utsetjast.

– Det er ikkje lenger grunnlag for eit breitt politisk forlik som vil skape føreseielege rammevilkår for havbruksnæringa, seier han.

Les også Anslår at staten kan tjene opptil 17 milliarder på lakseskatten i år

En av Salaks lokaliteter for oppdrett.

Avstanden er for stor

NRK har vore i kontakt med fleire i opposisjonen som seier at avstanden «ganske enkelt er for stor».

Det har vore ein rotete prosess frå start til slutt, der regjeringa har insistert på å innføre havbruksskatten med tilbakeverkande kraft og stå på ei innretning vi ikkje er samd i, seier finanspolitiske talsperson i Høgre, Helge Orten.

Han seier protestane det siste halvåret «burde vore eit tydeleg signal om å restarte prosessen, undersøkje fleire modellar og prøve å samle eit breitt fleirtal».

Men regjeringspartia har ikkje vore villige til å bevege seg i stor nok grad, legg han til.

Grunnrenteskatten på 40 prosent vart innført 1. januar i år, sjølv om ikkje innretninga var klar. Eit forslag på 35 prosent vart lagt fram for Kongen i statsråd i mars.

Det var i september regjeringa la fram det omstridde forslaget om grunnrenteskatt på havbruk og vindkraft.

I høyringsrunden kom det inn 416 svar frå fylkeskommunar, bedrifter, interesseorganisasjonar og enkeltpersonar.

Sist veke vart det klart at laksegiganten Mowi omsette for 1,36 milliardar euro, eller nesten 16 milliardar kroner, i første kvartal. Salmar tente 1,9 milliardar kroner på drifta i første kvartal.

Regjeringa har kasta bort moglegheita

Finanspolitisk talsperson i Venstre, Sveinung Rotevatn, seier regjeringa «har kasta bort moglegheita for eit breitt forlik».

Vi ønsket å forhandle vidare, men regjeringa har lagt fram eit krav det er vanskeleg for oss å akseptere.

Han legg til:

Dessverre har ikkje regjeringa vore villige til å komme oss i møte, dei går heller hand i hand med SV og Raudt.

Les også Reagerer på det nye forslaget til «Lakseskatten»: – Har lyttet med døve ører

Robert Eriksson i Norske Sjømatbedrifters Landsforening

Finanspolitisk talsperson i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, meiner prosessen «har stått til stryk» og viser til at investeringar på opp mot 40 milliardar kroner er «skrinlagde eller lagde på is».

Det er dramatisk at regjeringa ikkje har handtert ei så viktig næring på ein betre måte. Forslaget slår hardt ut for næringslivet i distrikta.

Dei tre partia møter pressa på Stortinget klokka 11.30 i dag.

Komiteen skal leggje fram innstillinga 23. mai. Saka skal behandlast i Stortinget 31. mai.

Les også Frykter tøffere tider på merdkanten

Brynjar Forseth, skiftleder Salmar