Hopp til innhold

1700 lærarar streikar i Vestland og eksamen avlyst: Ruben støttar lærarane

Tusenvis av elevar vert råka av streiken, og munnleg eksamen blir avlyst. Elevrådsleiar Ruben Ehamparan ved Hafstad vgs. støttar lærarane.

Ruben Ehamparan, elevrådsleiar Hafstad VGS

STØTTAR LÆRARANE: Ruben Ehamparan, elevrådsleiar ved Hafstad vidaregåande skule.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det er 7390 Unio-organiserte, altså lærarar og helsearbeidarar i kommunar landet over, som skal streika.

9000 elevar i barne- og ungdomsskulane i Bergen får anten ikkje undervisning eller eit redusert tilbod. 14 skular blir heilt stengd, medan 11 skular vil bli delvis stengd.

I Sunnfjord betyr streiken at 700 elevar ved Halbrend skule og Førde ungdomsskule ikkje har noko å møta opp til i dag.

750 lærarar ved 16 vidaregåande skular i Vestland fylke er også råka. Nokre skular er meir råka enn andre, men alle vil halda ope, skriv Fylkeskommunen på sine heimesider.

– Me krev ei klar reallønsauke. Me har rekrutteringsproblem i skulen og sjukepleiaryrket. Me må få opp statusen for desse yrka, og me må kjempa for løn, seier Stig Jonny Fitje, leiaren for Utdanningsforbundet i Sunnfjord.

Her er oversikta over alt som blir råka:

– Stor streikevilje

Utdanningsforbundet sin lokallagsleiar i Bergen, Bente Myrtveit, seier streikeviljen er stor.

– Forventningane er store og me får signal om ein streikevilje som eg i mi tid som lokallagsleiar ikkje har kjend lukta av før.

Myrtveit beklagar til dei mange elevane som no blir ramma av streiken.

– Når me streikar i offentleg sektor, så blir ein tredjepart ramma. I dette tilfellet elevar og dei som tek imot tenester frå fysioterapeutar. Men me har ingen andre verkemiddel i ein konflikt enn streik.

Bente Myrtveit, Utdanningsforbundet sin lokallagsleiar i Bergen

– STOR STREIKEVILJE: Utdanningsforbundet sin lokallagsleiar i Bergen, Bente Myrtveit, seier streikeviljen er stor.

Foto: Lisa Sørebø / NRK

Tek avlyst eksamen med knusande ro

Ein av dei som vert råka av streiken er elevrådsleiar vidaregåande skule i Førde, Ruben Ehamparan. Han har forståing for lønskampen til lærarane, og meiner medelevane har same oppfatninga.

– Alle har ein rett til å streike, seier han.

At den munnlege eksamen vert avlyst tek han med stor ro.

– Det må vi nesten leve med. Det er sjølvsagt mange som håpa på det.

For elevane i dei vidaregåande skulane har det siste året vore svært spesielt med vekslande heimeskule og fysisk frammøte på skulen på grunn av pandemien.

– Streiken er på ein måte eit framhald av det. Men me er heldigvis blitt meir vane til å jobbe sjølvstendig, så dette går fint, seier Ehamparan.

Ein del av elevane må møte på skulen likevel, sjølv om det er streik.

Utanfor Hafstad står plasstillitsvald Jon Arild Halland streikevakt. Han seier det gjer godt å høyra at elevrådsleiaren støttar dei.

– Me set pris på at elevane, som er det dette diverre går utover, forstår saka og støttar oss. Det set me stor pris på, seier Halland.

Jon Arild Halland, plasstillitsvald ved Hafstad VGS i Førde.

STREIKEVAKT: Jon Arild Halland, plasstillitsvald ved Hafstad VGS i Førde.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fryktar standpunktkarakteren ryk

Ein konsekvens av streiken, dersom han blir langvarig, er at lærarane ikkje får sett standpunktkarakterar på elevane.

– Får me ikkje sett standpunktkarakter, så har me fått beskjed om at det då karakteren frå første halvår som blir ståande for dei elevane som skal søka seg vidare til høgskular og universitet, seier rektor ved Hafstad VGS, Nina Bygstad.

– Kva følgjer kan det få?

– Både elevar og lærar som har gjort ein stor innsats for å få best mogleg karakter, så blir det slått beina under om det ikkje får innverknad på standpunktkarakteren.

Nina Bygstad, rektor Hafstad VGS

UROA REKTOR: Nina Bygstad, rektor Hafstad VGS i Førde.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det tykkjer elev Andrine Ullaland Ekreskar er dumt.

– Dei fleste har skjerpa seg litt etter jul. Då blir det veldig dumt om dei får dei dårlege karakterane dei hadde jul, seier ho.

Råkar også helsetenester

I tillegg er det mange også tekne ut i streik i omsorgssektorane i kommunane.

Eva Hille, informasjonsdirektør i Bergen kommune seier det no blir jobba hardt med å få oversikt over konsekvensane av streiken.

– Det er fyrst og fremst skulane som blir råka, men det er mykje arbeid å gå gjennom kva andre tenester som blir påverka av streiken.

I Bergen kommune er det 1843 ute i streik totalt.

Streikande lærarar utanfor Bergen Maritime VGS og Fagskole. (f.v): Øyvind Hervig, Terje Husabø, Gunnvor Tysnes, Jarle Birkeli, Jon Eirik S. Darre

STREIKEVAKTER: Streikande lærarar utanfor Bergen Maritime VGS og Fagskole. (f.v.): Øyvind Hervig, Terje Husabø, Gunnvor Tysnes, Jarle Birkeli, Jon Eirik S. Darre

Foto: Cato H. Kristensen / NRK