Hopp til innhold

No kjem verdas første førarlause ferje

Brødrene Aa i Hyen skal bygge den første førarlause passasjerferja for kommersiell drift.

Sjølvkøyrande ferje

TRANSPORTREVOLUSJON: Denne førarlause ferja frå Hyen skal etter planen frakte passasjerar i Stockholm neste år.

Illustrasjon: Torghatten/Zeabus

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den norskbygde ferja skal gå i rute i svensk farvatn, nærare bestemt i hovudstaden Stockholm.

– Dette er ein svært spanande kontrakt for oss. Kanskje ikkje så mykje på grunn av storleiken på båten, men av di det opnar moglegheiter for å levere båtar inn mot byar som vil utnytte vassvegane sine betre, seier viseadministrerande direktør Lars Endre Gimmestad.

Det vesle skipsverftet i Nordfjord skal bygge ein elektrisk katamaran, med plass til 25 personar. Den skal gå mellom Kungsholmen og Söder Mälarstrand.

Oppdragsgjevarar er teknologiselskapet Zeabuz og ferjeselskapet Torghatten.

Noreg er fremst i verda på autonome fartøy, og vi har kome langt på utvikling av lasteskip. No tar vi dette til neste nivå med testing og utvikling av kommersielle, førarlause passasjerferjer, seier Reidun Svarva, som er leiar for forretningsutvikling i Torghatten.

Reidun Svarva, Leiar forretningsutvikling i Torghatten AS

Reidun Svarva er leiar for forretningsutvikling i Torghatten.

Foto: Torghatten

Miljøvinst

Prosjektet med førarlause ferjer i den svenske hovudstaden vekker internasjonal interesse, ikkje minst på grunn av den grøne profilen til prosjektet.

Rundt 90 prosent av alle urbane område ligg ved vassvegar.

Men på grunn av omfattande utslepp og høge driftskostnader, er desse fartsårene lite utnytta.

– Vi trur at førarlause ferjer er framtida. Det kan gjere det lønsamt med ferjer i område der det til no har vore for dyrt, seier Svarva.

Stockholm blir først i verda der dette no vert testa.

Det betyr ein grøn transportrevolusjon til sjøs, seier Svarva.

Ferja skal etter kvart vere heilt førarlaus, men fram til alle godkjenningar og regelverk er på plass blir det ein førar om bord.

Brødrene Aa i Hyen

Brødrene Aa i Hyen har fått oppdraget med å byggje verdas første førarlause passasjerferje for kommersiell drift.

Foto: Nikolai Akse Helgås

Ny teknologi

Båten har eit ope overbygd passasjerdekk med på- og avstigning i begge endar og er 12 meter lang.

Ved Brødrene Aa i Hyen ser administrerande direktør, Tor Øyvin Aa store moglegheiter for denne typen fartøy.

– Vi kombinerer den teknologiske kompetansen og erfaringa vi har med bygging av energieffektive hurtigbåtar med framtidas førarlause løysingar, seier Aa.

Det norske teknologiselskapet Zeabuz leverer systemet for sjølvstyringa til passasjerferja.

Selskapet har sitt utspring ved det maritime forskingsmiljøet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), og har allereie utvikla ei førarlaus testferje som går i Trondheim.

Lars Endre Gimmestad, Brødrene Aa

Lars Endre Gimmestad er viseadministrerande direktør i Brødrene Aa.

Foto: Eikeseth Nygjerd Fotografi

Håpar på fleire

I Hyen håpar dei at den eine kontrakten dei no har fått skal kunne bli til fleire.

– Det ligg ikkje føre konkrete planar om det no, men dette er først og fremst ein båt som skal vise kva moglegheiter som finst. Og så veit eg at dei i Stockholm har svært ambisiøse planar for utskifting av fartøy.

Sjølv om båten er liten, betyr kontrakten mykje for verftet som tidlegare i år måtte permittere tilsette.

– Alle monner drar. Vi har vore gjennom ein periode med låg ordreinngang, så alle ordrar er viktig for oss.