Brita Sissel (63) jobbar til vanleg i barnehage – no serverer ho mat til eldre

Stort behov for folk i helse- og omsorgssektoren gjer at fleire kommunar flyttar tilsette frå barnehagar til stader der det er meir bruk for dei akkurat no.

Brita Sissel Turvoll

ANNA JOBB: Brita Sissel Turvoll i Vik trår no til på kjøkkenet på Vik bygde- og sjukeheim.

Foto: Privat

Denne artikkelen er over to dager gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Ein kvardag med viltre småungar i barnehagen er no bytta ut med kjøkkenteneste ved omsorgsheimen.

63 år gamle Brita Sissel Turvoll frå Vik i Sogn er pedagogisk leiar og har jobba i barnehagar i 40 år. No har ho midlertidig fått ein ny kvardag.

– Søndag kveld fekk eg telefon frå ei som jobbar ved Vik bygde- og sjukeheim. Ho lurte på om eg kunne komme på jobb der, for dei trengde litt ekstra hjelp. Først blei eg litt overraska, men det hadde vore omsnakka at sidan barnehagane er stengde så skulle vi vere disponible for andre. Då sa eg ja med ein gong.

Ho jobbar til vanleg i Vangsnes barnehage, men denne veka er det ingen born der. Planen var at ho og andre tilsette skulle nytte tida på heimekontor til å førbu seg på emne om mellom anna berekraftig utvikling. No styrer ho på med mat på sjukeheimen.

– Eg ryddar kjøkkenet og serverer frukost og middag. Eg snakkar med dei eldre og går på tur med dei om dei har lyst til det. Det er kjekt å sjå korleis andre har det.

Kartlegging av kompetanse

Og det er fleire kommunar som no skal finne ut om dei kan omdisponere tilsette. I Sunnfjord kommune kartlegg dei no kompetansen til dei 450 tilsette i dei 18 kommunale barnehagane. Kristine Steindal som er kommunalsjef for barnehage, seier dei gjer dette for å finne ut om dei kan omplasserast til anna type arbeid.

– Det kan til dømes vere i omsorgssektoren. Det kan vere til einingar der fråfallet av tilsette er stort og at ein treng anna arbeidskraft, men vi må første sikre at vi har personale til borna som treng eit tilbod før vi kan gi frå oss nokon.

Det er om lag 120 born som for tida har barnehageplass på grunn av at foreldre har samfunnskritiske funksjonar.

Steindal seier kommunen kan omdisponere tilsette.

– Men det er sjølvsagt i tett dialog med dei det gjeld og ut frå behov.

Positiv fagforeining

Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane er positiv til at medlemmar i ein periode får ein annan arbeidsstad enn vanleg. Leiar Steinar Strømsli seier heile samfunnet no er i ein ekstraordinær situasjon.

– Vi har innbyggjarar som er i risikogruppa og dei kan faktisk døy av smitte. Vi meiner det er ei plikt for alle å bidra, det gjeld også tilsette i barnehage og skule. Då må vi alle saman vere budde på å gjere andre oppgåver i denne dugnaden.

Men han seier både dei og arbeidsgjevarane må vere fornuftige.

– Dette er ikkje tida for å «utnytte» situasjonen for å gjere arbeidsoppgåver som ikkje bidreg til denne nasjonale dugnaden. Ein må heller ikkje gløyme at denne situasjonen er svært utfordrande for arbeidstakarane også, som dei som har heimekontor og dei som må følgje opp eigne born.

Han legg vekt på at arbeidsgjevarane har ei plikt til å hindre smitte ved å bidra til minst mogleg kontakt mellom folk.

– Men våre medlemmer bidreg gjerne til denne nasjonale dugnaden for å hindre ytterlegare eskalering av smitte og dødsfall.

Også Brita Sissel Turvoll i Vik oppmodar no alle som kan om å hjelpe til i denne krisa.

– Det er ein sjølvfølgje å hjelpe om ein har moglegheit til det, seier ho.

Status Norge

Sist oppdatert: 06.04.2020
5758
Smittet
313
Innlagt
75
Døde