Tidligare i sommar åtvara fleire fiskarar mot å ha brisling ståande i steng på grunn av den høge tempraturen i sjøen. For inntil 14 dagar sidan stod det brislingsteng i Årdalsfjorden, no skvalpar daud brisling i land på strendene i Årdal. Sjølv om Otterdal ikkje heilt vil utelukke at det kan vere snakk om eit uhell, meiner han det mest sansynlege rett og slett er dumping.
Ikkje ryddingstiltak
Nærmiljøleiar i Årdal Kommune seier at mange fortvila innbyggjarar har kontakta dei og at situasjonen ikkje er tilfredsstillande. Men kommunen kjem ikkje til å sette i gang nokon konkrete ryddingstiltak.