Hopp til innhold

Brannen på Leikanger blussa opp att

Brannmannskap har no fått sløkt skgobrannen som blussa opp att på Leikanger.

Skogbrannen i Leikanger.

BRENN PÅ NY: Brannen på Leikanger i Njøsadalen har på ny blussa opp.

Foto: Vidar Trettenes / Sogn brann og redning

- Brannmannskapane på Leikanger har no kontroll på brannen. Helikopteret vil sleppe nokre ekstra laster med vatn for å dynke området, seier Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Ved 15-tida melder brannvesenet at brannen er sløkt.

Meldinga om brannen kom klokka 13.21, og omlag ein time seinare melder Alarmsentralen at brannmannskap har kontroll på brannen. For å vere på den sikr esida då meldinga kom sette ein inn mellom 15 og 20 personar frå Leikanger brannkorps og Sivilforsvaret, i tillegg til helikopter.

- I utgangspunktet er det eit lite område det brenn, men terrenget er så vanskeleg og ulendt at ein har fått inn helikopter for å unngå at brannen får tak på like store område som sist, sa Brandsøy til NRK då meldinga om brannen kom.

Har du bilete eller video? Send gjerne til NRK Sogn og Fjordane på e-post sf@nrk.no eller med MMS til 1987. Merk meldinga med SF.

Han trur det er snakk om ein ulmebrann som har blussa opp igjen.

– Sannsynlegvis er dette noko som har levd nede i bakken, og som har teke seg opp att. Det er ofte det som er vanskeleg med skogbrannar, det går ned i botnen, og ser ut som at det er heilt sløkt, men så tek det seg opp igjen når vinden får tak i det, seier Brandsøy.